Har du lyst til å vera med på laget i Europas beste lokalavis? Då kan du vere rette person for oss! Me søker ein journalist i vikariat for eitt år, med oppstart så raskt som mogleg.
PublisertSist oppdatert
Denne artikkelen er over to år gammel.
Informasjon om stillinga:
Stillingstype: Vikariat
Arbeidssted: Ål, Hallingdal
Søknadsfrist: 22. juni
Om arbeidsgivar
Hallingdølen er ei lokalavis for Hallingdal og Nore Uvdal, med eit opplag på over 10.000. Papiravisa kjem ut tre gonger i veka. Me har eit høgt digitalt fokus, som gjer oss til ei sterk 24/7-avis. Hallingdølen er ei ambisiøs avis som har markert seg sterkt i bransjen og blitt kåra til Årets lokalavis fleire år. Hovudkontoret ligg i Ål. Det er 34 tilsette i heile mediebedrifta, av desse er 14 i redaksjonen.
Hallingdølen er ei lokalavis for Hallingdal og Nore Uvdal, med eit opplag på over 10.000. Papiravisa kjem ut tre gonger i veka. Me har eit høgt digitalt fokus, som gjer oss til ei sterk 24/7-avis.
Hallingdølen er ei ambisiøs avis som har markert seg sterkt i bransjen og blitt kåra til Årets lokalavis fleire år. I 2021 vart me kåra til Årets lokalavis i Europa!
Hovudkontoret ligg i Ål. Det er 34 tilsette i heile mediebedrifta, av desse er 14 i redaksjonen.
Me søker deg som har:
Nyheitsteft og engasjement
Stor arbeidskapasitet
Kan jobbe raskt og sjølvstendig
Er framoverlent og har eit ønske om å utvikle deg
Har godt humør og entusiasme
Erfaring frå mediebransjen er ikkje eit krav, men vil vere eit stort pluss. Stillinga går inn i vaktturnus, med kvelds- og helgevakter. Du må ha sertifikat.
Det me kan tilby deg er ein variert kvardag i eit levande lokalsamfunn, som har eit sterkt og godt forhold til avisa si. Eit godt og artig arbeidsmiljø saman med ein gjeng som lagar ei av landets aller beste lokalaviser!
Kontaktinformasjon
Har du spørsmål til stillinga, kontakt:
Lillian Holden, redaktør, tlf: 476 64 466
Magnus Lindahl, klubbleiar, tlf: 906 51 269
Søknadsfrist 22. juni.
Send søknaden til Hallingdølen, Sundrevegen 79, 3571 Ål, eller på e-post: lh@hallingdolen.no