STILLING LEDIG:

Hallingdølen søker journalist i årsvikariat

Informasjon om stillinga:

Stillingstype: vikariat

Arbeidssted: Ål, Hallingdal

Søknadsfrist: 15. juni

Om arbeidsgivar

Hallingdølen er ei lokalavis for Hallingdal og Nore og Uvdal, med eit opplag på over 11.600. Me er ein del av Polaris-konsernet. Hallingdølen er ei ambisiøs avis som har markert seg sterkt i bransjen og blitt kåra til Årets lokalavis fleire gonger, seinast no i 2026. I tillegg har me to gonger blitt kåra til Europas beste lokalavis. Hovudkontoret ligg i Ål, med avdelingskontor i Nesbyen og i Gol. Det er 34 tilsette i heile mediebedrifta, av desse er 14 i redaksjonen.

Har du lyst til å jobbe i landets, Europas - og kanskje også verdas - beste lokalavis?

Då kan du vere rette person for oss! Me søker ein journalist i vikariat for eitt år, med oppstart så raskt som mogleg.

No treng me ein journalist som:

  • Har ein god nase for nyheiter

  • Jobbar raskt, sjølvstendig og presist

  • Er glad i høgt tempo og varierte dagar

  • Er nysgjerrig, initiativrik og framoverlent

  • Har godt humør og trivst i lag med folk


Til gjengjeld får du:

  • Ein kvardag der jobben du gjer faktisk betyr noko

  • Varierte dagar i eit levande lokalsamfunn

  • Eit publikum som bryr seg om journalistikken vår

  • Eit sterkt fagmiljø med høge ambisjonar

  • Ein arbeidsplass med mykje latter, stort engasjement og kort veg frå idé til publisering


Erfaring frå mediebransjen er eit stort pluss. Du må også ha førarkort.

Stillinga inngår i vaktturnus med kveld- og helgevakter. Du kjem til å jobbe med ein kombinasjon av både tekst, foto og video.

Me har stadig bruk for flinke folk. Dette vikariatet kan fort føre til eit samarbeid som kan vare i endå fleire år.


Kontaktinformasjon

  • Lillian Holden, redaktør, tlf: 47664466

  • Anna Huseby, klubbleiar, tlf: 91612593


Send CV og søknad til lh@hallingdolen.no

Powered by Labrador CMS