GEIRANGER , 20060612:Geiranger med skip på GeirangerfjordenFoto: Gorm Kallestad / SCANPIX .Gorm Kallestad
Nynorsk pressekontor søker journalist
Vil du vera nynorskjournalist midt i hovudstaden?
PublisertSist oppdatert
Informasjon om stillinga:
Stillingstype: Vikariat
Arbeidssted: Oslo
Søknadsfrist: 15. juli
Om arbeidsgivar
Nynorsk pressekontor (NPK) er ei sjølveigande stifting som har som si fremste oppgåve å produsere og distribuere stoff på nynorsk til norske medium. Mottoet vårt er «Meir på nynorsk til fleire». Årleg sender me ut om lag 20.000 artiklar til mellom 30 og 40 faste kundar i ulike delar av landet, og me er operative mellom kl. 07.00 og 20.30 på kvardagar. NPK samarbeider med Norsk Telegrambyrå (NTB) for å styrkje posisjonen sin som leverandør av nyheiter og redaksjonelle tenester. Medarbeidarane i NPK er formelt tilsette i NTB med dei rettar og plikter det fører med seg. NPK har felles lokale med NTB i Pressens Hus, Skippergata 24 i Oslo.
Det er ledig eit vikariat som journalist i Nynorsk pressekontor frå 1. oktober 2026 og ut august 2027, då ein av våre medarbeidarar skal ut i pappaperm. Dersom du er interessert i å vera journalist og formidla nyhende på nynorsk bør du snu deg raskt rundt, og sende ein søknad til oss.
Me er fleire rutinerte medarbeidarar i NPK og kan godt tenkje oss å få inn nokon med fersk røynsle frå livet i ein avisredaksjon eller liknande.
Det er mange utfordringar, men også moglegheiter i den nye medieverda, og me skal gjera vårt for at det kjem meir godt og viktig lesestoff med nyheitsverdi ut til fleire enn i dag. Kanskje du kan gjera oss endå betre til det?
Søknadsfrist 15. juli
Kontaktinformasjon
Jan Inge Fardal, redaktør og dagleg leiar, e-post: jani@npk.no / tlf: 91310274