STILLING LEDIG:
NRK søkjer nå-journalist
Har du konkurranseinstinkt og lyst til å jakte nyheiter frå hjartet av landets største nyheitsredaksjon?
Denne artikkelen er over to år gammel.
NRK Nyheiter har to ledige årsvikariat i stilling som nå-journalist.
Arbeidsoppgåver
På NRK Nyheiter sin desk for digital publisering vil du jobbe med å dekkje løpande nyheiter, men du vil også få moglegheit til å jobbe med eigne saker og idear.
Som journalist hos oss får du jobbe med dei største sakene frå inn- og utland.
Kvalifikasjonar
Vi søkjer journalistar som ønskjer å vinne nyheitskampen og som har lyst til at NRK er først og best.
Vi stiller følgjande krav:
- Du må beherske høgt tempo og du må vere sjølvgåande
- Du må ha god digital kompetanse og kunne presentere journalistikken din på ein god og kreativ måte
- Du må ha evne til å utvikle eigne idear
- Du må ha god etisk vurderingsevne
Det er ein fordel om du også har disse kvalifikasjonane:
- Foto- og/eller videokompetanse
- Framandspråk
- Erfaring med offentleg innsyn og bruk av sosiale medium for å skaffe informasjon
- Kan lage innhald som kan publiserast på fleire av NRKs flater, som radio, tv og/eller Snapchat
Personlege egenskapar
- Du må vere ein lagspelar, og vi legg stor vekt på samarbeidsevne
- Du må vere presis, ryddig og nøyaktig
- Ha eit godt og lettfatteleg språk
- Vi legg òg vekt på gjennomføringsevne og handlekraft
Vi tilbyr
Arbeidskvardagen hos oss er spennande og utfordrande. Du vil gå inn i vår nå-turnus med kvelds-, helg- og morgonvakter.
Startdato:31.08.2022
Sluttdato:31.08.2023
Kontaktinformasjon:
- Kari Stokke Nilsen, redaksjonssjef digital publisering, tlf: 415 04 334 / e-post: kari.stokke.nilsen@nrk.no
- Simon Solheim, redaksjonsleiar nå, tlf: 986 04 319 / e-post: simon.solheim@nrk.no