Vil du jobbe i ein av landets travlaste nyhetsredaksjonar sommaren 2025?
PublisertSist oppdatert
Informasjon om stillinga:
Stillingstype: Sommervikarar
Arbeidsstad: Oslo
Søknadsfrist: 10. januar 2025
Om arbeidsgivar:
NRK skal styrke demokratiet og samle og engasjere alle som bur i Noreg. Dei grunnleggande verdiane våre er å vere opne, modige og truverdige. For at vi skal lykkast med det omfattande oppdraget vi har fått som allmennkringkastar, treng vi medarbeidarar med forskjellig erfaring og bakgrunn.
Vil du jobbe saman med oss for å skape godt og viktig innhald som treffer alle som bur i landet vårt?
NRK er omfatta av Offentleglova sine paragrafar om rett til innsyn i søkjarlister. Søkjar må grunngje eventuelt ønske om unntak. Dersom unntak ikkje blir akseptert, vil søkjar bli varsla og kan eventuelt trekkje søknaden.
NRK Nyheiter vil ha dyktige sommervikarar i 2025 som har litt erfaring frå journalistisk jobbing frå før. I dei fleste redaksjonane treng vi vikarar som kan nett, radio og/eller TV.
Vi vurderer søknader løpande, så søk gjerne tidleg!
Vi ønsker din CV, kort om motivasjonen din og svar på nokre spørsmål. Skriv også kvar hos oss du kunne tenke deg å jobbe.
Her er nokre av redaksjonane du kan søkja deg til:
Digitalreporter i nå-gruppa (nett): søker sommarvikarar som er opptekne av å vere først med siste nytt på NRK.no. Du bidreg til at vi får utvikla dei største sakene, så NRK vinn nyheitskampen – kvar dag. Du har nyheitsteft, likar å jobbe i høgt tempo, er språksikker og etisk bevisst. Du må både kunne kaste deg rundt når det smell og ha idear til vidareutvikling av nyheitssaker og til engasjerande eigensaker. Vi leverer i hovudsak tekstartiklar og kortmeldingar til nrk.no. Kontaktpersonar: Simon Solheim, 98604319 eller Kari Stokke Nilsen, 4150433.
Ung-redaksjonen set dagsorden med saker som unge er opptekne av, og får fram dei unge perspektiva. Vi publiserer daglege nyheiter på Snapchat, samt NRK Forklarer-videoar og visuelle artiklar på nrk.no. Vi er på jakt etter journalistar som kjenner den unge målgruppa godt, og som klarar å lage engasjerande journalistikk om og for eit ungt publikum. Kontaktperson: Ingrid Tinmannsvik, 920 66 628
Digitalreporter i visuell-gruppa (nett) søker sommervikarar som vil vere med på å utvikle digital visuell historieforteljing i både «breaking»- og eigensaker. Du har gjerne erfaring med video/foto og vil utfordre dei etablerte nyheitsformata. Du blir ein del av ein redaksjon som er spydspiss på nyheitsgolvet i å tenke visuelt. Kontaktpersonar: Maria Knoph Vigsnæs, 90771159 eller Kari Stokke Nilsen, 41504334.
Les meir om dei andre redaksjonane lenger ned:
Meir om redaksjonane
Direktesendingar TV, nett og radio leitar etter deg som har nyheitspulsen i blodet. Du er ein rask og effektiv journalist som er trygg på videoredigering i høgt tempo, og som likar å dekke det som skjer, gjerne foran kamera. I denne jobben er du med på å lage direktesendingar til radio, TV og nett gjennom dagen. Kontaktpersonar: Olav Haugan, 97026608 eller Simon S. Yset 92055391.
Er du glad i lyd? Nyheitsmorgon og Dagsnytt treng journalistar til å lage morgonsending på radio og tv. Vi treng også programleiarar til kvelds og nattevakter. Erfaring med direktesending er ein stor fordel. Kontaktpersonar: Elise Hazel Asbjørnsen 93673480 eller Silje Sande 90196203.
Nyheitsmorgon og Dagsnytt treng sjølvstendige og samfunnsinteresserte radioprodusentar/journalistar til morgonsendinga, og journalistar som kan lese Dagsnytt-sendingar på natta. Det er ein stor fordel om du har erfaring med direkteradio. Kontaktpersonar: Silje Sande, 90196203, eller Elise Hazel Asbjørnsen, 93673480.
Dagsnytt 18 treng researcherar med god oversikt over norsk samfunnsliv. Du må ha interesse for det offentlege ordskiftet og utvikla sans for det som engasjerer. Kontaktperson: Solveig Tvedt, 95978008.
Ytring søker deg som ser potensialet i ein kronikk, klarer å finne nye stemmer i samfunnsdebatten og har gode samarbeidsevner. Kontaktperson: Solveig Tvedt, 95978008.
Innanriks vil ha engasjerte og nysgjerrige journalistar som er gode til å omsetje idear til saker. Du er dyktig til å formidle og har journalistisk tryggleik på metode og etikk. Du kan TV og/eller radio i tillegg til nett. Innanriks leverer saker til alle NRK sine nyheitsflater. Kontaktperson: Ole Eivind Henden, 90154101.
Utanriks ser etter deg som brenn for utanriksfeltet og engasjerande nyheitsformidling. Du må ha erfaring med minst to publiseringsplattformer (TV, nett, radio). Gode samarbeidsevner er viktig i jobben, det same er brei kunnskap om internasjonale tilhøve. Du må kunne snu deg raskt og jobbe effektivt når det kokar. Kontaktperson: Kristian Aanensen, 90552311
Økonomi og politikk-redaksjonen er på jakt etter deg som har lyst til å jobbe med økonomi/politikk og har nase for nyheiter. Vi søker etter iderike medarbeidarar med gode samarbeidsevner og journalistisk erfaring. Kontaktperson: Kyrre Nakkim, 91607122.
Kultur og underhaldning søker dyktige nyheitsjournalistar som har erfaring frå radio og/eller TV og nett. Du er iderik, ein god historieforteljar og har gjennomføringskraft. Du må ha interesse for fagfeltet og evne til å finne nyheiter som eignar seg for eit breitt publikum. Kontaktperson: Ingrid Indseth, 9515532.
Forsida/NRK.no treng dyktige journalistar med blikk for det visuelle og godt, effektivt språk til å redigere NRK.no-forsida. Det er ei nyheitsdriven forside som er tett på dei store sakene, samstundes som vi skal spegle breidda i NRK sitt oppdrag. Vi søker deg som har redaksjonell erfaring, som har god kjennskap til presseetikk, og som er flink til å kommunisere og samarbeide. Du må like at det skjer mykje. Kontaktperson: Gunnar Fåne Bøthun, tlf 48093690.
Kvalifikasjonar
Vere samfunnsengasjert
Ha litt erfaring frå journalistisk jobbing frå før
God språkkompetanse (bokmål og/ eller nynorsk)
I dei fleste redaksjonane treng vi vikarar som kan nett, radio og/eller TV. Vi treng også eit mangfald av perspektiv og erfaringar.
Personlege eigenskapar
Kan jobbe under press og behalde fokus i møte med utfordrande situasjonar og stramme tidsskjema
Er fleksibel og tilpassar seg raskt når situasjonen krev det
Er robust og har ei optimistisk haldning til utfordringar
Har gode samarbeidsevner og jobbar godt saman med andre for å nå felles mål
Vi tilbyr
Ein spennande sjanse til å jobbe i ein av landets største nyheitsredaksjonar
Eit fagleg sterkt og godt arbeidsmiljø med store ambisjonar
Ein viktig jobb der du får bidra til NRK sitt oppdrag om å opplyse, forklare og gje verdi til det norske samfunnet
Ein spennande, variert og utfordrande arbeidskvardag