STILLING LEDIG:

Redaksjonen smiler til kamera

Framtida Junior søkjer journalist

Framtida Junior søkjer etter ein idérik og kontaktskapande journalist i vikariat i eitt år.

Informasjon om stillingen:

Stillingstype: Midlertidig

Arbeidssted: Oslo / Stord

Søknadsfrist: 16. juni

Om arbeidsgiver:

logo Framtida Junior

Framtida Junior er ei redaksjonelt uavhengig avis som har som mål å styrkja nynorsken og bidra til å auka og få fram engasjementet til barn og unge mellom 7-13 år. Bak Framtida Junior står ABC Startsiden, Magasinett og Landssamanslutninga av nynorskommunar (LNK) ved Framtida.no. Framtida Junior har to journalistar og redaktør, og deler kontor med Framtida.no-redaksjonen i Oslo sentrum og på Stord. Framtida Junior har opplevd ein stor vekst i lesartalet sidan starten i 2017.

Saman med fleire lokalaviser driv me papirutgåva vår som kjem kvar månad.

Me tilbyr ein kjekk og utfordrande jobb i eit lærerikt miljø — der du får høve til å finna nye måtar å fortelja historier på og der du får stor fridom til å setja ditt preg på Framtida Junior og utvikla avisa til å nå endå fleire barn.

Du er god til å samarbeida, har gode allmennkunnskapar og følgjer med i nyhendebildet.

Du har god bildeforståing, meistrar foto og enkel video, og er god til å formidla for born og unge. Du har god, nynorsk språkføring og arbeider sjølvstendig.

Journalistisk erfaring på nett er ein klar fordel. Erfaring som lærar er òg positivt.

Stillinga er eit engasjement i 100 prosent stilling i eitt år.

Kontaktinformasjon:

  • Svein Olav Langåker, redaktør, tlf: 948 75 365 / e-post: svein@framtida.no
  • Birgitte Bakken, klubbleiar, tlf: 452 79 435

Søknad med cv og gjerne nokre arbeidsprøver kan du senda til svein@framtida.no

 — og skriv om du ønskjer å jobba ved Stord-kontoret eller Oslo-kontoret vårt.



Powered by Labrador CMS