STILLING LEDIG:

NRK Nyheiter søker sommarvikarar

Vil du jobbe med spennande oppgåver i ein av landets travlaste nyhetsredaksjonar i sommar? NRK Nyheiter vil ha dyktige sommervikarar til våre mange redaksjonar.

Informasjon om stillingen:

Stillingstype: Sommerjobb

Arbeidssted: Oslo

Søknadsfrist: 15. januar

Om arbeidsgiver:

NRK skal styrke demokratiet, samle og engasjere alle som bor i Norge. Våre grunnleggende verdier er åpen, modig og troverdig. For å lykkes med det omfattende allmennkringkaster-oppdraget vi har fått, trenger vi medarbeidere med forskjellig erfaring og bakgrunn.

Vil du jobbe sammen med oss for å skape godt og viktig innhold som treffer hele Norges befolkning?


NRK er omfattet av Offentlighetslovens bestemmelser om rett til innsyn i søkerlister. Søker må begrunne eventuelt ønske om unntak. Dersom unntak ikke blir akseptert, vil søker varsles og eventuelt ha mulighet til å trekke sin søknad.

Vi søker deg som har litt erfaring frå journalistisk jobbing frå før. I dei fleste redaksjonane treng vi vikarar som har erfaring frå nett, radio eller TV.

Les meir under om dei ulike redaksjonane. Sett opp første- og andreval når du søker.

Direkte

Digitalreporter "nå": Vi søker sommarvikarar som er opptekne av å vere først med siste nytt. Du bidreg til at vi får utvikla dei største sakene, så NRK.no vinn nyheitskampen – kvar dag. Du har nyheitsteft, likar å jobbe i høgt tempo, er språksikker og etisk bevisst. Du må både kunne kaste deg rundt når det smell og ha idear til vidareutvikling av nyheitssaker og til engasjerande eigensaker. Vi leverer i hovudsak artiklar og kortmeldingar til nrk.no.

Kontakt: Kari Stokke Nilsen, tlf: 415 04 334 eller Simon Solheim, tlf: S986 04 319.


Digitalreporter visuell: Vi søker sommervikarar som vil vere med på å utvikle digital visuell historieforteljing i både "breaking"- og eigensaker. Du har gjerne erfaring med video/foto og vil utfordre dei etablerte nyheitsformata. Du blir ein del av ein redaksjon som er spydspiss på nyheitsgolvet i å tenke visuelt.

Kontakt: Kari Stokke Nilsen, tlf: 415 04 334


Direktesendingar TV, nett og radio: Vi leitar etter deg som har nyhetspulsen i blodet. Du er ein rask og effektiv journalist som er trygg på videoredigering i høgt tempo, og som likar å dekke det som skjer. Gjerne foran kamera. I denne jobben er du med på å lage direktesendingar til radio, tv og nett, og som held nyheitsstraumen levande gjennom dagen.

Kontakt: Olav Haugan, tlf: 970 26 608 eller Simon S Yset, tlf: 920 55 391


Program

Nyheitsmorgon radio og Dagsnytt treng vakne og samfunnsinteresserte radioprodusentar/journalistar. Det er ein stor fordel om du har erfaring frå radio. Vi ønsker også journalistar som kan avvikle nyheitssendingane våre på natta.

Kontakt: Silje Sande, tlf: 901 96 203, eller Sara Victoria Rygg, tlf: 996 95 283


Dagsnytt 18 treng researcherar med god oversikt over norsk samfunnsliv. Du må ha interesse for det offentlege ordskiftet, samt utvikla sans for det som engasjerer.

Kontakt: Solveig Tvedt, tlf: 959 78 008


Ytring søker deg som ser potensialet i ein kronikk, klarer å finne nye stemmer i samfunnsdebatten og har gode samarbeidsevner.

Kontakt: Solveig Tvedt, tlf: 959 78 008


Fag

Økonomi og politikk-redaksjonen er på jakt etter journalistar med kunnskap om økonomi/politikk og erfaring med å finne nyheiter. Gode samarbeidsevner er ein føresetnad, erfaring med fleire plattformer (nett, radio, tv) er ein fordel.

Kontakt: Kyrre Nakkim, tlf: 916 07 122 eller Peder Ottesen, tlf: 991 64 590


Kultur og underhaldning søker dyktige nyheitsjournalistar som beherskar radio og/eller tv og nett. Du er iderik, ein god historieforteljar og har gjennomføringskraft. Du må ha interesse for fagfeltet og evne til å finne nyheiter som eignar seg for eit breidt publikum.

Kontakt: Marianne Ytre-Eide, tlf: 952 30 402


Innanriks vil ha engasjerte og nysgjerrige journalistar som er gode til å omsetje idear til saker.Du er dyktig til å formidle og har journalistisk tryggleik på metode og etikk. Du kan TV og/eller radio i tillegg til nett.Innanriks leverer saker til alle NRK sine nyheitsflater.

Kontakt: Ole Eivind Henden, tlf: 901 54 101 eller Eirin V Sivertsen tlf: 922 18 986


Utanriks ser etter deg som brenn for utanriksfeltet og engasjerande nyheitsformidling. Du må ha erfaring med fleire publiseringsplattformer (tv, nett, radio). Gode samarbeidsevner er viktig i jobben, det same er brei kunnskap om internasjonale forhold. Du må kunne snu deg raskt og jobbe effektivt når det kokar.

Kontakt: Sofie Gran Aspunvik, tlf: 482 04 099 eller Sigurd Falkenberg Mikkelsen, tlf: 924 32 861.

NRK.no-forsiden trenger dyktige journalister med blikk for det visuelle og godt og effektivt språk til å redigere, prioritere og optimalisere NRK.no. NRK.no er en nyhetsdrevet forside som også skal speile bredden i hele NRKs oppdrag – hele spekteret fra Maskorama og «BlimE-dansen», til stortingsvalg og de store idrettsøyeblikkene. Vi søker deg som har redaksjonell erfaring, som har god kjennskap til presseetikk og som er flink til å kommunisere og samarbeide. Vi sitter i hjertet av NRKs nyhetsproduksjon, så du må like at det skjer mye.

Kontakt: Gunnar Fåne Bøthun, tlf: 480 93 690


Vi tilbyr

  • Ein spennande sjanse til å jobbe i ein av landets største nyheitsredaksjonar.
  • Eit fagleg sterkt og godt arbeidsmiljø med store ambisjonar.
  • Ein viktig jobb der du får bidra til NRK sitt oppdrag om å opplyse, forklare og gje verdi til det norske samfunnet.
  • Ein spennande, variert og utfordrande arbeidskvardag.


SØK HER

Powered by Labrador CMS