STILLING LEDIG:

NRK Møre og Romsdal søkjer sommarvikarar

Informasjon om stillingen:

Stillingstype: Sommervikariat

Arbeidssted: Ålesund

Søknadsfrist: 20. desember

Om arbeidsgiver:

NRK logo

NRK skal styrke demokratiet og samle og engasjere alle som bur i Noreg. Dei grunnleggande verdiane våre er å vere opne, modige og truverdige. For at vi skal lykkast med det omfattande oppdraget vi har fått som allmennkringkastar, treng vi medarbeidarar med forskjellig erfaring og bakgrunn.

Vil du jobbe saman med oss for å skape godt og viktig innhald som treffer alle som bur i landet vårt?

NRK er omfatta av Offentleglova sine paragrafar om rett til innsyn i søkjarlister. Søkjar må grunngje eventuelt ønske om unntak. Dersom unntak ikkje blir akseptert, vil søkjar bli varsla og kan eventuelt trekkje søknaden.

NRK Møre og Romsdal søkjer etter sommarvikarar. Vi tilbyr jobb i eit spennande nyheitsmiljø som leverer innhald til nett, radio og TV. 

Vi ser etter deg som vil lage saker frå Møre og Romsdal til eit nasjonalt publikum på nrk.no, radio og tv. Du bør ha noko erfaring frå journalistisk jobbing i ein redaksjon. Vi vurderer søknader fortløpande, så søk gjerne tidleg!

Arbeidsoppgaver

  • Vere med å jakte etter gode saker frå Møre og Romsdal og fortelje dei på ein spennande måte
  • Bruke kjeldenettet og kunnskapen du har om regionen til å finne gode nyheitssaker og utvikle desse for eit nasjonalt publikum
  • Rask formidling/direkterapportering av hendingar til alle plattformer, spesielt nett og radio
  • Vikariatet inneber arbeid i turnus med kvelds- og helgevakter

Kvalifikasjoner

  • Sikkert språk
  • Kompetanse i digital journalistikk blir vektlagd
  • Kjennskap til kva som skal til for at ein reportasje blir lest/høyrt og delt
  • God kjennskap til bruk av sosiale medier
  • Søkjarar må ha sertifikat 

Kontaktinformasjon

Har du spørsmål? Ta kontakt med:

SØK HER

Powered by Labrador CMS