To årsvikariat for nyheitsjournalistar i Trondheim
PublisertSist oppdatert
Denne artikkelen er over to år gammel.
Informasjon om stillinga:
Stillingstype: Vikariat
Arbeidsstad: Trondheim
Søknadsfrist: 12.februar
Om arbeidsgjevar:
NRK skal styrke demokratiet og samle og engasjere alle som bur i Noreg. Dei grunnleggande verdiane våre er å vere opne, modige og truverdige. For at vi skal lykkast med det omfattande oppdraget vi har fått som allmennkringkastar, treng vi medarbeidarar med forskjellig erfaring og bakgrunn.
Vil du jobbe saman med oss for å skape godt og viktig innhald som treffer alle som bur i landet vårt?
NRK er omfatta av Offentleglova sine paragrafar om rett til innsyn i søkjarlister. Søkjar må grunngje eventuelt ønske om unntak. Dersom unntak ikkje blir akseptert, vil søkjar bli varsla og kan eventuelt trekkje søknaden.
Vi har to ledige årsvikariat til vårt nyheitsgolv i Trondheim.
Her kan du mellom anna få jobbe med NRK Nyheter på Instagram, P3nyheter og nyheiter i NRK Trøndelag.
Vi har om lag 200 tilsette som driv omfattande medieproduksjon på nett, radio, podkast, bilde, video og sosiale medium – både lokalt og nasjonalt. Vi har og det største nyheitsmiljøet i NRK utanfor Oslo. NRK Trøndelag har hovudkontor på Tyholt i Trondheim.
Redaksjon DM driv Noregs største nyheitskonto på Instagram, nrknyheter, og leverer radio i NRK P3 med P3nyheter, i tillegg til å drifte Facebook-kontoar og andre satsingar på publikumskontakt i NRK.Hos oss vil du jobbe i eit prisvinnande, ungt nyheitsmiljø, og lage godt og viktig innhald som treff unge vaksne. Vi ser etter ein journalist som brenn for å gjere det som skjer rundt oss forståeleg på radio og sosiale medium. Her vil du lage daglege bulletengar og løpande produksjon av nyheiter.
Vi ser etter deg som jobbar godt på sosiale medium og veit kva innhald som treff unge.
Kontaktperson: Redaksjonsleiar Oliver Rønning, tlf. 916 07 908
NRK Trøndelag har eit klart mål om å sette dagsorden på NRK.no. I tillegg til lokaloppdraget skal vi også levere aktuelt stoff om kunnskap, livssyn og livsstil. Miljøa på nyheitsgolvet er i front, og vi treng vikarar med god nyheitsteft som liker å jobbe under tidspress.
Distriktskontoret NRK Trøndelag løfter nyheiter og lokale historier mellom anna på nrk.no og Dagsrevyen.Vi lagar også lokalt nyheitsprogram på TV og seks timar levande direkteradio kvar dag. Det er ein fordel å vere godt orientert i nyheitsbildet i Trøndelag.
Du må ha god nyheitsteft og like jobbing under press
Du må vere iderik og språksikker og ha god presseetisk forståing
Nettjournalistikken er heilt sentral, men det er også ein fordel å kunne noko radio og TV/video