STILLING LEDIG:

NRK i Sogndal søkjer journalist i vikariat

Vil du jobbe i Sogndal?

Denne artikkelen er over to år gammel.

Informasjon om stillingen:

Stillingstype: Vikariat

Arbeidssted: Sogndal

Startdato: 15.01.2024

Sluttdato: 18.08.2024

Søknadsfrist: 2. januar 2024

Om arbeidsgiver:

NRK logo

NRK skal styrke demokratiet, samle og engasjere alle som bor i Norge. Våre grunnleggende verdier er åpen, modig og troverdig. For å lykkes med det omfattende allmennkringkasteroppdraget vi har fått, trenger vi medarbeidere med forskjellig erfaring og bakgrunn.

Vil du jobbe sammen med oss for å skape godt og viktig innhold som treffer hele Norges befolkning?

NRK er omfattet av Offentlighetslovens bestemmelser om rett til innsyn i søkerlister. Søker må begrunne eventuelt ønske om unntak. Dersom unntak ikke blir akseptert, vil søker varsles og eventuelt ha mulighet til å trekke sin søknad.

NRK Vestland har ledig eit vikariat i Sogndal. Vi har lokale på Campus Fosshaugane, der vi har to tilsette.

NRK har som mål å nå eit breitt publikum på nett og mobil. Vi ser etter ein journalist med sterk digital kompetanse, som kan løfte nyheiter frå Sogn til eit regionalt og nasjonalt publikum.

NRK Vestland har hovudkontor i Førde og Bergen, og lokalkontor i Odda, på Stord, på Nordfjordeid og i Sogndal. Du vil samarbeide med kollegaer i heile redaksjonen, og du får tett og god oppfølging og rom til å utvikle deg som journalist. 

Arbeidsoppgåver

  • Du må jobbe for å løfte både den raske journalistikken og den planlagde eigenjournalistikken.
  • Du må vere oppteken av å lage saker som engasjerer og som blir valde av flest mogleg, spesielt eit ungt publikum. 
  • Når det skjer store hendingar, som ulukker og ras, vil du vere den som rykkjer ut og leverer bilete og gjer intervju.

Kvalifikasjonar

  • Vi ser etter ein journalist som har erfaring frå nyheitsarbeid og som følgjer med på nyheiter. 
  • Dersom du skriv godt og engasjerande, vil fleire lese det du skriv. Det er ein fordel om du kan skrive nynorsk eller er innstilt på å lære det.
  • Gode bilete og video er eit anna viktig verkemiddel for å nå breitt ut med sakene. Vi ynskjer deg som kan fortelje visuelle historier eller som er interessert i å lære det.
  • Du må ha førarkort i jobben.

Personlege eigenskapar

  • Vi ser etter deg som har energi og humør, som kan arbeide sjølvstendig og har eigne idéar.
  • Du må ha gode samarbeidsevner og vere med på å løfte heile laget.

Vi tilbyr

I NRK Vestland blir du ein del av eit inkluderande og godt arbeidsmiljø. Vi leverer godt til alle riksflater, NRK.no, Dagsnytt og Dagsrevyen.NRK i vest har ein undersøkande redaksjon, og i Førde og Bergen er det riksredaksjonar som blant anna lagar dokumentarar til NRK TV.

NRK er ikkje lønsleiande, men som journalist i NRK vil du få sjanse til å jobbe saman med, og lære av, nokon av dei beste i mediebransjen. NRK har konkurransedyktige pensjons- og forsikringsordningar.

Kontaktinformasjon

Har du spørsmål om stillinga? Ta kontakt med:

SØK HER

Powered by Labrador CMS