STILLING LEDIG:
NRK i Bergen og Førde søker sommarvikarar
Vi er på jakt etter journalistar som kan løfte saker frå Vestlandet til eit nasjonalt publikum. Du må vere oppteken av å lage saker som engasjerer og som blir valt av flest mogleg, særleg unge.
Denne artikkelen er over to år gammel.
Arbeidsoppgåver
- Nyheitsarbeid for nett, radio, TV og sosiale medium.
- Jobbe fram saker frå idé til ferdig sak.
- Utrykking på store hendingar.
- Jobbe i felt og levere lyd, bilete og video til alle plattformer.
Kvalifikasjonar
- Erfaring med nyheitsarbeid frå ein redaksjon.
- Har god nyheitsteft og evne til å ha oversikt i eit hektisk nyheitsbilete.
- Er samfunnsengasjert og følgjer med i nyheitsbiletet.
- Skriv godt og har ei sikker munnleg språkføring.
- Har evne til å formidle og velge innhald og saker slik at det treffer unge.
- Har god digital forståing og evne til å setje seg inn i teknisk utstyr.
Personlege eigenskapar
- Har energi og humør.
- Kan arbeide sjølvstendig og har eigne idéar.
- Har gjennomføringsevne og engasjement.
- Har gode samarbeidsevner og vilje til å vere med på å løfte heile laget.
Vi tilbyr
- Eit god arbeidsmiljø.
- Du vil få arbeide i ein spanande nyheitsredaksjon der du får erfaring med både nett, TV, radio og sosiale medium.
Annet
- Arbeidet inneber helge- og turnusjobbing.
- Du må ha førarkort.
- Skriv i søknaden om du ynskjer å jobbe i Bergen, Førde eller begge stader.Det kan også vere aktuelt for sommarvikarar å jobbe frå lokalkontora våre i Sogndal, Nordfjord, Odda eller på Stord delar av tida.
Kontaktinformasjon
- Linda Olin Reite, redaksjonssjef, Førde, tlf: +47 975 00 907
- Bergit Sønstebø Svendseid, redaksjonssjef, Bergen, tlf: 481 15 103