STILLING LEDIG:
NRK søker journalist / researcher i NRK Sport
Bli med på laget når vi samlar Norge rundt dei største sports-øyeblikka!
Denne artikkelen er over to år gammel.
Vi vil gjerne ha tak i deg, du sportsinteresserte journalist som er nysgjerrig, idérik, kreativ og som har sansen for den gode historia. Vi går mot ein aktiv haust og vinter med VM i fotball, pluss masse tradisjonell vintersport. Vi skal difor styrke redaksjonen med ein erfaren journalist/researcher, der booking av gjester til sendingane våre også inngår i jobben.
Du kjem til å jobbe med tunge satsingar som VM i fotball og Vinterstudio. Du vil få medansvar for at vi har gode gjester, for manusarbeid til sendingane og for innhalds- og idéutvikling.
Vi lovar ein spennande, morosam og utfordrande jobb i Norges største sportsredaksjon.
Startdato: 29.08.2022, sluttdato: 31.03.2023
Arbeidsoppgåver:
- Bestille gjester og gjere research.
- Utvikle og lage innhald til sendeflatene i samarbeid med redaksjonen.
- Halde deg oppdatert i sportsverda og byggje nettverk av kjelder og kontaktar.
Kvalifikasjonar:
- Du er idésterk og kan utvikle og ferdigstille underhaldande innhald på fleire plattformer.
- Du må ha redaksjonell erfaring, gjerne med research som spesialfelt.
- Det er ein fordel om du har eit godt kontaktnett innafor fotball og vintersport.
Personlege eigenskapar:
- Du er oppdatert og interessert i sport.
- Du har gode sosiale evner og kommuniserer godt. Du må like å ta mange telefonar og systematisere informasjonen.
- Du må ha idéar og ha evner til å gjennomføre dei.
- Godt humør og stor arbeidskapasitet ser vi også etter.
Vi tilbyr:
- Vi vil legge vekt på å inkludere deg i arbeidsmiljøet i ein hektisk men morosam arbeidskvardag.
Kontaktinformasjon:
- Geirmund Henjum, redaksjonsleiar, e-post: geirmund.henjum@nrk.no
- Kristine Norvik Skeide, prosjektleiar, vintersport, e-post: kristine.norvik.skeide@nrk.no
- Mads Håby, prosjektleiar, fotball, e-post: mads.haby@nrk.no