STILLING LEDIG:

Mediehuset Vigga søkjer etter redaktør og dagleg leiar

Redaktøren skal vere ein aktiv skrivande ressurs, men skal også bruke av si tid til å utvikle både medarbeidarane og mediehuset sitt lesartilbod.

Denne artikkelen er over to år gammel.

Informasjon om stillingen:

Stillingstype: Fast

Arbeidssted: Dombås

Søknadsfrist: 10. september

Om arbeidsgiver

Vigga dekkjer kommunane Lesja og Dovre og har i dag over 2.000 abonnentar. Mediehuset er heileigd av Skjåk Mediautvikling AS som er ein del av Polaris Media ASA. Vigga har fire årsverk, er inne i ei positiv utvikling og har ei forventa omsetjing i 2021 på om lag fem millionar kroner.

Som redaktør og dagleg leiar i Vigga må du forstå samfunnsrolla til mediehuset, og ha hjarte og teft for å lage journalistikk som vedgår dei som bur i dekningsområdet.

Vigga er ei vekesavis, men publiserer også på nett, på vigga.no. Den nye redaktøren vil få ansvaret for å vidareføre og utvikle satsinga på nettpublisering.Kjennskap til dekningsområdet vil også vere ein fordel.

Redaktøren er også dagleg leiar med personalansvar for staben i Vigga og rapporterer til styret.

Søknadsfrist er 10. september.

Kontaktinformasjon:

Søknad kan sendast til asta.brimi@fjuken.no

Powered by Labrador CMS