Vil du vidareutvikle radio/lyd i NRK Nyheter? Likar du å utvikle folk og følge opp ambisjonar? Ønsker du å vidareutvikle NRK Nyheters tilbod i ei stadig meir valbar framtid.
PublisertSist oppdatert
Denne artikkelen er over to år gammel.
Informasjon om stillingen:
Stillingstype: Fast
Arbeidssted: Oslo
Søknadsfrist: 21. november
Om arbeidsgiver
NRK skal styrke demokratiet og samle og engasjere alle som bur i Noreg. Dei grunnleggande verdiane våre er å vere opne, modige og truverdige. For at vi skal lykkast med det omfattande oppdraget vi har fått som allmennkringkastar, treng vi medarbeidarar med forskjellig erfaring og bakgrunn.
Vil du jobbe saman med oss for å skape godt og viktig innhald som treffer alle som bur i landet vårt?
NRK er omfatta av Offentleglova sine paragrafar om rett til innsyn i søkjarlister. Søkjar må grunngje eventuelt ønske om unntak. Dersom unntak ikkje blir akseptert, vil søkjar bli varsla og kan eventuelt trekkje søknaden.
Ansvarsområdet omfattar i dag det fleirmedielle morgonmagasinet Nyhetsmorgon som set dagsorden for heile NRK Nyheter på morgonen, Dagsnytt som oppdaterer nyhetsbildet gjennom heile døgnet og den prisvinnande nyhetspodkasten Oppdatert. I tillegg er redaksjonssjefen ein viktig medspelar i programredaktørens leiargruppe, som har ansvaret for dei store nyhetsflaggskipa på fleire av NRKs plattformer.
Kvalifikasjonar
Du må være strategisk i hovudet og evne å omsette strategi til handling. Du må kunne tenke på tvers av plattformer og konvensjonar. Du må kunne drive ein turnusbasert redaksjon med journalistar på jobb døgnet rundt.
Personlege egenskapar
Du må evne å omsette strategi til handling, men du må også trivast med operativ drift
Du må like personalleiing og vere god til å utvikle dine medarbeidere
Du må føle ansvar for å bidra inn i leiarteamet med glød og optimisme
Redaksjonssjefen har strategisk utviklingsansvar.
Redaksjonssjefen har – saman med redaksjonsleiar - personalansvar for 26 medarbeidarar.
Redaksjonssjefen deltek i programredaktørens leiargruppe.