STILLING LEDIG:

Universitetet i Bergen søker høgskulelærar­/­reportasjeleiar ved SUJO

Denne artikkelen er over to år gammel.

Informasjon om stillingen:

Stillingstype: Fast

Arbeidssted: Bergen

Søknadsfrist: 22. februar

Om arbeidsgiver

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Det samfunnsvitenskapelige fakultet består av sju institutt og tre senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Høgskulelærar/reportasjeleiar

Senter for undersøkende journalistikk (SUJO) ved Universitetet i Bergen søker reportasjeleiar i fast, 100 prosent stilling, snarast mogeleg.

SUJO er det første og einaste senteret for undersøkande journalistikk i Norge og blei etablert hausten 2018. Senteret sitt mål er å styrke den undersøkande journalistikken, med eit spesielt ansvar for lokale, regionale og mindre redaksjonar. 37 undersøkande prosjekt har sidan oppstarten fått hjelp av senteret. I tillegg har over 250 journalistar og redaksjonelle leiarar delteke i SUJO sine workshops i undersøkande metode. SUJO har også et internasjonalt samarbeid gjennom medlemskapet i Global Investigative Journalism Network (GIJN).

Som medarbeidar i SUJO blir du ein aktiv deltakar i eit redaksjonelt miljø med erfarne journalistkollegaer, forskarar og gjestande journalistar og masterstudentar i undersøkande journalistikk.

Arbeidsoppgåver:

  • Leie workshops i undersøkande journalistikk
  • Rettleie i undersøkande journalistiske prosjekt i norske redaksjonar
  • Rådgjeving for medieleiarar og redaktørar
  • Tett kontakt med bransje og relevante fagmiljø

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Fire års høgare utdanning, minst to år av disse frå eit fagfelt relevant for stillinga
  • Brei journalistisk praksis med erfaring frå undersøkande prosjekt, som journalist eller leiar
  • Gode motivasjonsevner
  • Breitt nettverk i mediebransjen
  • Gode samarbeidsevner
  • Stor arbeidskapasitet
  • Personlege eigenskapar som er naudsynte for stillinga vil bli vektlagde
  • Evne til å uttrykke seg godt skriftleg og munnleg både på norsk og engelsk

Vi tilbyr:

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt journalistisk fagmiljø
  • Stilling som høgskulelærar (kode 1007) i lønssteg 54 – 65 i det statlege lønsregulativet. For særleg kvalifiserte søkarar kan det bli aktuelt med høgare løn
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • Ei kort utgreiing om søkjaren sin motivasjon for å søkje stillinga
  • CV
  • Vitnemål, attestar og pedagogiske kvalifikasjonar
  • Eventuelle publikasjonar (maks 10)
  • To referansar (namn og kontaktinformasjon)

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.

Søknad, CV, attestar og vitnemål sendast elektronisk via «søk stillinga».

Søknadsfristen er 22. februar 2022, og søknaden skal merkast 22/2287.

Generell informasjon:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Kontaktinformasjon:

For utfyllande opplysningar om stillinga kontakt:

  • senterleiar Per Christian Magnus, tlf: 414 23 330
  • reportasjeleiar Kristine Holmelid, tlf: 909 50 320

SØK HER

Powered by Labrador CMS