STILLING LEDIG:
Synste Møre søkjer redaktør
Redaktøren vil få det redaksjonelle hovudansvaret for innhald og utforming av avisa Synste Møre, både på nett og papir.
Denne artikkelen er over to år gammel.
Vår noverande redaktør/dagleg leiar sluttar i jobben 1. april 2022. Vi søkjer derfor etter hans etterfølgjar.
Redaktøren vil få det redaksjonelle hovudansvaret for innhald og utforming av avisa Synste Møre, både på nett og papir. Målsettinga er å vidareutvikle Synste Møre på ein god måte for lesarane i dekningsområdet. Det er utarbeidt eigen stillingsinstruks. Vi viser elles til redaktørplakaten når det gjeld andre rettar og plikter for redaktøren.
Det er ønskjeleg at den som vert tilsett også får rolla som dagleg leiar, og dermed det økonomiske og administrative ansvaret i verksemda.
Vi ønskjer at den som vert tilsett har:
- Journalistisk erfaring, gjerne frå arbeid i lokalavis
- Ein stødig og god nynorsk penn
- God kunnskap og erfaring med IT, herunder nettpublisering og Adobe-pakken
- Evne til å ta gode val og er trygg på presseetikk
- Teft for nyheiter og dei gode lokale sakene
- Samfunnsengasjement og interesse for lokalsamfunnet
- Leiarerfaring
- Administrativ erfaring og evne til god økonomistyring
- Lokalkunnskap, og bør bu, eller busette seg i, Vanylven
- Stor arbeidskapasitet og evne til samarbeid
- Eigen bil
Vi kan tilby eit godt arbeidsmiljø i ein liten, men kompetent og erfaren redaksjon. Løn og andre vilkår etter avtale.
Kontaktinformasjon
Nærare opplysningar kan du få hos
- Fredrik Bakke, noverande redaktør, tlf: 472 43 484
- Bjørnar Osnes, styreleiar, tlf. 913 69 330