STILLING LEDIG:

Vestavind søker journalist

Vi kan tilby ein spennande jobb i eit lite og moderne mediehus, med ein offensiv digital strategi.

Denne artikkelen er over to år gammel.

Informasjon om stillingen:

Stillingstype: Fast

Arbeidssted: Sveio

Søknadsfrist: Snarest

Om arbeidsgiver

Lokalavisa Vestavind vart stifta i 1986, og kjem ut i papirformat kvar torsdag samt med daglege

oppdateringar på nett. Avisa er limet mellom bygdene i Sveio, og skal bidra til å redusera handelslekkasje, samt støtta lokalt næringsliv. Vestavind har opplag på 1582. Verksemda har tre tilsette på heiltid med redaktør, journalist og dagleg leiar/marknadsansvarleg. Kontoret er i Sveio sentrum.

Vil du bli journalist i Vestavind?

Vestavind, lokalavisa for Sveio kommune, har ledig stilling som journalist.

Vi tilbyr:

  • Fast journalist-stilling i ein ekspansiv region med stor variasjon i næringslivet, eit allsidig kulturliv og flott natur.
  • Kontorplass i eit moderne og triveleg lokale midt i Sveio sentrum, som ligg 20 minuttars køyring nord for Haugesund sentrum og 30 minuttar sør kommunesenteret Leirvik i Stord kommune.

Vi ønskjer ein journalist som:

  • Kan jobbe raskt og effektivt, og kaste seg rundt når det trengs, men samstundes ha evne til å gå i djupna og vere grundig.
  • Skriv nynorsk og/eller bokmål.
  • Har kunnskap om og interesse for sosiale medium.
  • Disponere eigen bil.

Om Sveio:

Sveio er ein flott kystkommune, som ligg strategisk til midt i ein sterk region, med felles bu- og arbeidsmarknad med Sunnhordland og Haugalandet. Kommunen har om lag 5800 innbyggjarar som bur spreidd over heile kommunen, som dekker eit areal på 246 kvadratkilometer. Om sommaren nær doblar innbyggartalet seg ved at kommunen er vert for mange hyttegjester. Sveio ligg «midt i leio» mellom storbyane Bergen og Stavanger.

Kontaktinformasjon:

Send din søknad til torstein@vestavind-sveio.no

Powered by Labrador CMS