Vil du leia arbeidet med å laga god, engasjerande og dagsordensetjande journalistikk for unge?
PublisertSist oppdatert
Denne artikkelen er over to år gammel.
Informasjon om stillingen:
Stillingstype: Fast
Arbeidssted: Oslo
Søknadsfrist: 02. desember
Om arbeidsgiver
Framtida.no er den einaste riksdekkande nynorske nettavisa for unge, og skriv om politikk, miljø, utdanning og kultur for ungdom mellom 14 og 25 år. Nyhende- og debattavisa for unge har kring 60-120.000 brukarar i månaden, og har hatt auke i trafikken sidan starten i 2010. Avisa har kontor i eit kontorfellesskap midt i Oslo sentrum, og hos lokalavisa Sunnhordland på Stord. Framtida.no blir driven av Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK) i samarbeid med ABC Startsiden. Redaksjonen har seks medarbeidarar, inklusive to i Framtidajunior.no.
Framtida.no søkjer etter ein engasjert og engasjerande redaktør som kan bidra til at den gode veksten vår held fram, og som brenn for målet vårt om å visa fram og auka engasjementet til unge og styrka nynorsk på nett.
Me søkjer deg som:
skriv, kommuniserer og samarbeider godt
er ein lagbyggar og har leiarerfaring
har solid redaksjonell bakgrunn og er stødig på presseetikk
er god på kva som skal til for å nå fleire unge lesarar i sosiale medium og oppdatert på kva som engasjerer unge lesarar
har god, nynorsk språkføring og kan gi konstruktive tilbakemeldingar på andre sine tekstar
har evne til å utvikla og gjennomføra større journalistiske prosjekt saman med dei andre i redaksjonen
har gode nettverk og lett for å knyta kontaktar
har gode analytiske evner og gjennomføringskraft
Me tilbyr ein utfordrande jobb med stor fridom i eit lærerikt miljø – der du får høve til å utforska nye måtar å formidla historier på.
Arbeidsoppgåver:
overordna publisistisk ansvar
leita fram, skriva og formidla viktige nyhende og reportasjar for unge mellom 14 og 25 år
ansvar for å utvikla journalistikken til Framtida.no ilag med redaksjonen
personalansvar og medarbeidarutvikling
ansvar for økonomien til redaksjonen
Kontaktinformasjon:
Svein Olav Langåker, redaktør i Framtida.no og påtroppande dagleg leiar i LNK, tlf: 948 75 365