STILLING LEDIG:

Avisa Nordhordland søker etter ein journalist til eitt årsvikariat

Har du lyst å lage avis i eit spennande disitrikt saman med flinke journalistar?

Denne artikkelen er over to år gammel.

Informasjon om stillingen:

Stillingstype: Vikariat

Arbeidssted: Isdalstø

Søknadsfrist: 01. mars

Om arbeidsgiver

Avisa Nordhordland vart etablert i 1974 og er eigd av Amediastiftelsen. Vi er åtte tilsette, derav fem i redaksjonen, og held til i nye og trivelege lokale sentralt plassert i Knarvik senter. Vårt primære dekningsområde er kommunane Alver, Austrheim, Fedje, Masfjorden og Gulen. Nettavisa nordhordland.no blir oppdatert kontinuerleg, medan papiravisa kjem ut onsdag og laurdag. Avisa Nordhordaland er en del av Amedia.

Vi skal vere best på nyheiter i vårt område. Difor er vi på jakt etter deg som er engasjert, nysgjerrig og har vilje til å stå på.

Vi ser etter deg som:

  • Har ein del journalistisk erfaring, og gjerne journalistutdanning
  • Er engasjert, har drivkraft og blir motivert av gode resultat
  • Meistrar nynorsk i noko grad. (Slapp av. Vi skal hjelpe deg!)
  • Er glad i eit godt fellesskap med kollegaene dine, og bidrar naturleg til eit godt arbeidsmiljø
  • Har førarkort på bil, likar å vere på farten og trivst i møte med folk

Lyst på jobben, men føler du ikkje kan hake av på alle kriteria? Søk likevel – du kjem langt med rett haldning og talent.

Hjå oss får du:

  • 100 prosent vikariat i fast turnus.
  • Ein spennande jobb i ein region der det skjer mykje og tempoet er høgt.
  • Mogelegheit til å tileigne deg god journalistisk erfaring og kompetanse
  • Utvikling og oppdatert kompetanse gjennom landets leiande lokalaviskonsern Amedia.
  • Eit triveleg og uformelt arbeidsmiljø med kollegaer som samarbeider tett.

Lokalkjennskap til regionen er ein fordel.

Kontaktinformasjon:

Spørsmål om stillinga kan rettast til:

  • konstituert redaktør Sirill Heimdal, 97716612
  • klubbleiar Synne Grimen Hammervoll, 41626272

Vil du vite mer om hvordan det er å jobbe i Amedia? Les her

Søknadsfrist: 01.03.2021
SØK HER

Powered by Labrador CMS