STILLING LEDIG:
NRK søker journalist
Direktelinja i nyheitsdivisjonen i NRK søker journalist med breakingkompetanse
Denne artikkelen er over to år gammel.
Har du konkurranseinnstinkt og lyst til å jakte nyheiter frå hjartet av landets største nyheitsredaksjon? NRK Nyheiter har ledig eitt års vikariat som NÅ-reporter.
Arbeidsoppgåver
På NRK Nyheiter sin desk for digital publisering vil du jobbe med å dekkje løpande nyheiter for NRK.no. Her får du jobbe med dei største sakene frå inn- og utland. Vikariatet startar snarast mogleg og varer i eitt år.
Kvalifikasjonar
Vi søkjer ein journalist som ønskjer å vinne nyheitskampen og som har lyst til å vere først og best. Du må beherske høgt tempo og du må vere sjølvgåande. Du må ha god digital kompetanse og ha evne til å utvikle eigne idear. Har du i tillegg foto- og videokompetanse er det ein fordel.
Personlege eigenskapar
Du må vere presis og nøyaktig og du må ha eit godt og lettfatteleg språk. Vi legg òg vekt på samarbeidsevne.
Vi tilbyr
Arbeidskvardagen hos oss er spennande og utfordrande. Vi tilbyr eit vikariat på eitt års varigheit med oppstart snarast mogleg. Du vil gå inn i vår NÅ-turnus med kvelds-, helg- og morgonvakter.
Kontaktinformasjon:
- Simon Solheim, redaksjonsleiar for desk for digital publisering i NRK Direkte, e-post: simon.solheim@nrk.no
- Kari Stokke Nilsen, redaksjonssjef for desk for digital publisering i NRK Direkte, e-post: kari.stokke.nilsen@nrk.no