STILLING LEDIG:

Strilen søkjer ivrig nyheitsjournalist

Er du eit offensivt, digitalt nyheitshovud? Ser du nyheitssaker over alt? Har du bein i nasen, men ser mykje lengre enn din eigen nasetipp?

Denne artikkelen er over to år gammel.

Informasjon om stillingen:

Stillingstype: Vikariat

Arbeidssted: Knarvik

Søknadsfrist: 03. desember

Om arbeidsgiver

Strilen er den største lokalavisa i Nordhordland og dekkjer kommunane Alver, Fedje, Austrheim, Modalen, Masfjorden og Gulen. Redaksjonen held til i Knarvik, om lag 30 minutt unna Bergen sentrum med bil eller snøggbåt. Redaksjonen består av tre journalistar, tre digitaldeskarar, nyhenderedaktør og ansvarleg redaktør. Nokre av årsverka er delt mellom Strilen og søsteravisa vår, Bygdanytt. Papiravisa har eit opplag på 5544, og opplever vekst i digitale abonnentar. Strilen samarbeider med Bygdanytt, Vestnytt og Askøyværingen. Desse avisene er ein del av mediekonsernet Schibsted.

Har du journalistisk erfaring, men har lyst til å utvikle deg vidare og lære meir? Likar du å fotografere og jobbe med video?

Då bør du fortsette å lese.

Strilen er ei lokalavis som har sett seg særs høge mål. Ein av journalistane våre skal over i ei prosjektstilling, og vi søkjer difor ein vikar. Er det deg?

Det er ein føremon om du har erfaring med verktøy som nyttast i moderne avisproduksjon, men viktigast er det at du har lett for å lære deg å nytte nye digitale løysingar.

Du er ein allroundar og trivst med alle stoffområde, inkludert politikk og samfunnsliv.

Løpande deadline er ditt mellomnamn. Du tenkjer digitalt, drøymer om sosiale medium og smarttelefonen er favorittdingsen din.

Du jobbar sjølvstendig, og gruar deg ikkje for å ta opp tema som vekker engasjement.

Å konfrontere menneske med makt er ein del av journalistrolla, og det trivst du godt med.

Søkarar må ha førarkort for bil. Skriv du nynorsk er det ein stor føremon. Viss ikkje, trur vi at du kan lære det ganske raskt. Vi skal hjelpe deg!

Du må rekne med ein del kvelds- og helgearbeid. Stillinga inneber turnusarbeid.

Kvinner vert oppmoda til å søkje.

Stillinga er 100 prosent i 12 månader. Tiltreding: snarast

Kontaktinformasjon:

SØK HER

Powered by Labrador CMS