STILLING LEDIG:

Samningen søkjer journalist

Samningen har ledig fast stilling i redaksjonen, og søkjer etter ein allsidig medarbeidar som kan dekka både nyheiter og andre stoffområde.

Denne artikkelen er over to år gammel.

Informasjon om stillingen:

Stillingstype: 50-100%

Arbeidssted: Samnanger

Søknadsfrist: 23. mars

Om arbeidsgiver

Samningen er lokalavis for Samnanger, ein nabokommune til Bergen. Avisa kjem ut digitalt og på papir kvar torsdag, og publiserer dagleg lokalstoff på samningen.no. Utgjevar er Samnanger Bladlag AS, eit folkeaksjeselskap med rundt 200 aksjonærar. Me har kontor i Reistadliane 22, ca 35 min. med bil frå Bergen sentrum.

Du må lika å skriva og fotografera, vera stø i nynorsk og ha lyst til å skaffa deg erfaring frå ein liten, men hektisk lokalavisredaksjon.

Me ønskjer oss ein medarbeidar med god samfunnsinnsikt og spennande reportasjeidear. Du må ha godt humør og stå på-vilje, vera fleksibel og ha sertifikat og bil.

Stillingsprosenten kan tilpassast den som vert tilsett, innanfor ei ramme på 50 - 100 %. Skriv gjerne i søknaden kor stor stilling du ønskjer.

Det er høve til å jobba på heimekontor delar av tida.

Løn etter avtale.

Startdato: Seinast 1. august

Kontaktinformasjon:

  • Hallvard Tysse, redaktør, tlf: 950 40 546

Søknad med CV sender du til hallvard@samningen.no

Powered by Labrador CMS