STILLING LEDIG:
NRK Trøndelag søkjer sommervikarar
Har du noko erfaring med journalistisk arbeid og stor lærevilje så er du velkommen til å søkja sommarvikariat i NRK Trøndelag.
Denne artikkelen er over to år gammel.
Nyheitsgulvet i NRK Trøndelag
NRK Trøndelag har eit klart mål om å setta dagsorden på nrk.no. I tillegg til lokaloppdraget skal me også levera aktuelt stoff om viten og livsstil gjennom sommaren. Miljøa på nyheitsgolvet er i front, og me treng vikarar med god nyheitsteft som likar å jobba under tidspress.
- Distriktskontoret løftar dei lokale historiene mellom anna på nrk.no og Dagsrevyen, og det er ein fordel å vera godt orientert i nyheitsbildet i Trøndelag.
- Du må ha god nyheitsteft og lika jobb under press
- Du må vera iderik og språksikker og ha god presseetisk forståing
- Nettjournalistikken er heilt sentral, men det er også ein fordel å kunna noko radio og TV/video
- Du ha førarkort for personbil
- Me treng reporterar både i Trondheim og i Steinkjer
Kontaktperson: Amund Aune Nilsen, 942 42 301
- Ung-gruppa i NRK Trøndelag driv Noregs største nyheitskonto på Instagram, nrknyheter, og leverer radio i NRK P3 med P3nyheiter, i tillegg til å drifte Facebook-kontoar og andre satsingar på publikumskontakt i NRK.
- Her treng me sommarvikarar som jobbar godt på sosiale medium og veit kva innhald som treff unge
Kontaktperson: Oliver Rønning, 916 07 908
Formidling på NRK Radio
NRK Trøndelag lagar ei rekke radioprogram, podkastar og andre lydopplevingar til NRK Radio.
- Magasinmiljøet på radio, som mellom anna lagar nyheitsmagasinet Dagens i NRK P1 og livssyns/etikkmagasinet Kompass i NRK P2, treng me journalistar med god formidlingsevne på radio og sans for å gje nyheitet- og aktualitetar til det breie laget av folket.
- Musikkmiljøet på radio, som mellom anna har ansvar for Kveldsåpent og fleire andre musikkflater i i NRK P1, treng gode DJ-ar og gode musikkformidlarar.
- NRK Trafikk leverer trafikkinformasjon og treng sommarvikar med god radiostemme og eit klårt hovud som taklar stress og formidling direkte.
Kontaktperson: Line Gevelt Andersen, 480 42 946