STILLING LEDIG:
NRK Nyheiter søker journalist
NRK søkjer journalist i vikariat til vår innanriksavdeling. Her lagar vi nyheitssaker til nett, TV og radio. Dette er jobben for den som har lyst til å sette spor med eigensaker men også jobbe med det daglege nyheitsbildet for alle flater.
Denne artikkelen er over to år gammel.
Arbeidsoppgaver
I NRK Innanriks er ingen dag lik. Her jobbar du med dei store sakene som pregar døgnet, samtidig som du jobbar med prosjektet som skal publiserast om to månader. Du er ein del av eit team, men har også stor gjennomføringskraft på eigne vegne. Arbeidet inneber turnus og helgearbeid.
Kvalifikasjoner
Du er fyrst og fremst ein dyktig journalist som finn glede i yrket du har valgt. Du har gjerne utdanning innan journalistikk og/eller anna høgare utdanning. Det er eit ynskje at du har høg digital kompetanse og erfaring med journalistikk på digitale flater. Det er også ein fordel om du har noko TV og/eller radioerfaring.
Personlige egenskaper
Du er er uredd og nysgjerrig og ikkje redd for å ta utfordringar. Du er ein nyheitsjeger som finn saker ingen andre har. Du likar å fortelle historier i lyd, bilder og tekst. Og kanskje har du eit samfunnsfelt der du har ekstra gode kunnskapar og engasjement. Dessuten er du hyggeleg og kan jobbe godt saman med andre. Vår strategi er: Først med heile bildet, yngre og breiare og til å stole på. Dette er verdiar du kan kjenne deg igjen i.
Vi tilbyr
Eit fagleg sterkt og godt arbeidsmiljø med hyggelege og ambisiøse kollegaer i Norges største mediehus.
Løn etter avtale og ihht NRK sitt avtaleverk og satsar.
Startdato:17.01.2022
Sluttdato:13.01.2023
Kontaktinformasjon:
- Eirin Venås Sivertsen, redaksjonsleder, tlf: 922 18 986 / e-post: eirin.venas.sivertsen@nrk.no
- Ole Eivind Henden, redaksjonssjef, NRK Innenriks, tlf: 901 54 101 / e-post: ole.eivind.henden@nrk.no