Brenn du for lokalsamfunnet og har lyst til å vera med på å vidareutvikle ei av landets beste lokalaviser? Då kan du vere rette person for oss!
PublisertSist oppdatert
Denne artikkelen er over to år gammel.
Informasjon om stillingen:
Stillingstype: Vikariat
Arbeidssted: Ål
Søknadsfrist: 01. oktober
Om arbeidsgiver
Hallingdølen er ei lokalavis for Hallingdal og Nore Uvdal, med eit opplag på over 10.000. Papiravisa kjem ut tre gonger i veka. Me har eit høgt digitalt fokus, som gjer oss til ei sterk 24/7-avis. Hallingdølen er ei ambisiøs avis som har markert seg sterkt i bransjen og blitt kåra til Årets lokalavis fleire år. Hovudkontoret ligg i Ål. Det er 34 tilsette i heile mediebedrifta, av desse er 14 i redaksjonen.
Me søker ein journalist i vikariat for eitt år, med oppstart så raskt som mogleg.
Me søker deg som har:
Nyheitsteft og engasjement
Stor arbeidskapasitet
Kan jobbe raskt og sjølvstendig
Er framoverlent og har eit ønske om å utvikle deg
Har godt humør og entusiasme
Erfaring frå mediebransjen er eit krav. Stillinga går inn i vaktturnus, med kvelds- og helgevakter. Du må ha sertifikat.
Det me kan tilby deg er ein variert kvardag i eit levande lokalsamfunn, som har eit sterkt og godt forhold til avisa si. Eit godt og artig arbeidsmiljø saman med ein gjeng som lagar ei av landets aller beste lokalaviser!
Kontaktinformasjon:
Lillian Holden, redaktør, tlf: 476 64 466
Magnus Lindahl, klubbleiar, tlf: 906 51 269
Send søknaden til Hallingdølen, Sundrevegen 79, 3571 Ål, eller på e-post: lh@hallingdolen.no