STILLING LEDIG:

Sunnhordland søker sommervikar journalist

Redaksjonen er på jakt etter sommervikarar.

Denne artikkelen er over to år gammel.

Informasjon om stillingen:

Stillingstype: Sommervikar

Arbeidssted: Stord

Søknadsfrist: 11. april

Om arbeidsgiver

Mediehuset Sunnhordland sin posisjon og samfunnsrolle i Sunnhordland er unik. Me har hatt ei positiv utvikling dei siste åra, med solid auke av lesarar og abonnentar. Sunnhordland kom første gong ut i 1902 og kjem i dag ut som papiravis tre gonger i veka og med kontinuerlege oppdateringar på sunnhordland.no. Godkjent opplag (2020) er 6.467.

20.600 les oss dagleg på papir og digitalt. Mediehuset Sunnhordland har 30 årsverk, held til på Stord der det er gode kommunikasjonar med eigen flyplass, fast vegsamband og eit allsidig næringsliv.

Nynorskbyen Stord har gode tilhøve for kultur, idrett og friluftsliv, og det er lett å trivast blant gode kollegaer. Sunnhordland er ein del av Polaris-konsernet.

Me er på jakt etter deg som brenn for redaksjonelt arbeid. Du bør ha erfaring med journalistikk og arbeid med tekst og bilete.

I redaksjonen får du mogelegheit til å jobba med spanande saker i eit breitt saksfelt. Ein må ha evne til å få arbeidet raskt og presis unna. Våre vikarar må ha bilsertifikat.

Kontaktinformasjon:

  • Alexander Urrang Hauge, Konstituert redaktør, tlf: 906 03 393
  • Kjetil Østrem, klubbleiar, tlf: 982 42 022

Søknad og CV sender du til alexander@sunnhordland.no

Powered by Labrador CMS