STILLING LEDIG:

NRK Super søkjer prosjektleiar til Førde

Vil du jobbe med seriar for born?

Denne artikkelen er over to år gammel.

Informasjon om stillingen:

Stillingstype: Vikariat

Arbeidssted: Førde

Søknadsfrist: 20. mars

Om arbeidsgiver

NRK skal styrke demokratiet, samle og engasjere alle som bor i Norge. Våre grunnleggende verdier er åpen, modig og troverdig. For å lykkes med det omfattende allmennkringkasteroppdraget vi har fått, trenger vi medarbeidere med forskjellig erfaring og bakgrunn.

Vil du jobbe sammen med oss for å skape godt og viktig innhold som treffer hele Norges befolkning?

NRK er omfattet av Offentlighetslovens bestemmelser om rett til innsyn i søkerlister. Søker må begrunne eventuelt ønske om unntak. Dersom unntak ikke blir akseptert, vil søker varsles og eventuelt ha mulighet til å trekke sin søknad.

NRK Super-redaksjonen i Førde lagar dokumentarseriar for born, utviklar podkast og dubbar seriar på nynorsk. No er vi på jakt etter ein journalist til eit vikariat som prosjektleiar i eitt år.

Eit viktig mål for redaksjonen er å spegle mangfaldet i dialektar og løfte fram historier frå Vestlandet som born i heile landet kan kjenne seg igjen i. Til denne jobben treng vi deg som har erfaring med programskaping og som kjenner og har eit stort hjarte for målgruppa vår, som er born mellom 5 og 9 år.

Arbeidsoppgåver

I denne jobben vil du følgje opp dei som jobbar med dokumentarseriane «Bli med heim» og «Eg går på», frå idé til publisering.

Du vil jobbe med utvikling av nye seriar for born og anna innhald for NRK Super.

Du vil få ansvar for dubbing av seriar på nynorsk og for å utvikle ein ny podkastserie.

Kvalifikasjonar

Du må vere ein god historieforteljar og ha erfaring eller utdanning innan dokumentarsjangeren.

Du må vere oppteken av språk og formidling til born.

Kjennskap til målgruppa er ein fordel.

Det er også ein fordel med fleirkulturell kompetanse.

Personlege eigenskapar

Vi ynskjer deg med gode samarbeidsevner, som er fleksibel og løysingsorientert. Vi treng ein prosjektleiar som er kreativ og likar å jobbe fram nye idéar.

Alle som jobbar i NRK Super må legge fram politiattest.

Vi tilbyr

Redaksjonen i Førde har eit godt og kreativt miljø.

Vi har eit tett og nært samarbeid med NRK Super i Oslo.

Startdato 1. august

Kontaktinformasjon

  • Linda Olin Reite, redaksjonssjef, tlf: 975 00 907

SØK HER

Powered by Labrador CMS