STILLING LEDIG:
NRK søker nettjournalistar til NRK Trøndelag
NRK Trøndelag søkjer etter digitale nyheitsjournalistar til vikariat i distriktskontoret i Trondheim ut året. Du må vera god til å fortelja engasjerande historier gjennom tekst og visuelt innhald til våre digitale satsingar. Du må ha nyheitsteft og treffe ungt og breitt.
Denne artikkelen er over to år gammel.
Arbeidsoppgåver
Me vil at du skal nytta brei digital kompetanse til å formidla nyheiter og aktuelle historier på nett, og gjerne også med lyd og bilde.
- Oppdraget er å laga engasjerande kvalitetsjournalistikk, som set dagsorden og blir valt.
- Det blir både hurtigjobbing med hendingar og meir utdjupande journalistikk
- Arbeidet medfører turnus- og helgejobbing.
Alle kan ikkje alt, men lista under viser noko av det som tel i vår vurdering
- Erfaring og kunnskap om nyheitsjournalistikk på nett
- Kompetanse på stillbilder og bilderedigering
- God samfunnskunnskap
- God etisk vurderingsevne
- Førarkort kl. B
Personlege eigenskapar
- Jobba raskt og effektivt, også under press
- Eit godt munnleg og skriftleg språk
- Iderik, nysgjerrig og kreativ
- Jobba godt sjølvstendig, men også lika å jobba i team
Me tilbyr
- Du blir ein del av det største nyheitsmiljøet i NRK utanfor Marienlyst, der me lagar kvalitetsjournalistikkfrå heile landet til heile landet
Kontaktinformasjon
- Amund Aune Nilsen, fungerande distriktsredaktør, tlf: 942 42 301
Kristian Hovstad, faggruppeleiar nyheiter, tlf: 480 75 243