NRK søker journalist som vil fortelje nyheiter til unge
Me arbeidar med nyheiter for unge over heile landet gjennom P3nyheter, @nrknyheter på Instagram og andre digitale satsingar. No søkjer me etter to journalistar som forstår korleis dei gode historiene bør forteljast til målgruppa. Vi håper du kjenner deg inspirert til å jobbe saman med oss!
PublisertSist oppdatert
Denne artikkelen er over to år gammel.
Informasjon om stillingen:
Stillingstype: Vikariat
Arbeidssted: Trondheim
Søknadsfrist: 6. mars
Om arbeidsgiver
NRK skal styrke demokratiet, samle og engasjere alle som bor i Norge. Våre grunnleggende verdier er åpen, modig og troverdig. For å lykkes med det omfattende allmennkringkasteroppdraget vi har fått, trenger vi medarbeidere med forskjellig erfaring og bakgrunn.
Vil du jobbe sammen med oss for å skape godt og viktig innhold som treffer hele Norges befolkning?
NRK er omfattet av Offentlighetslovens bestemmelser om rett til innsyn i søkerlister. Søker må begrunne eventuelt ønske om unntak. Dersom unntak ikke blir akseptert, vil søker varsles og eventuelt ha mulighet til å trekke sin søknad.
Om oss
Jobben vår er å forklare nyheiter enkelt, så alle forstår. Frå Tyholt i Trondheim er DM-redaksjonen ein av Noregs viktigaste formidlarar av nyheiter til unge. Me driv Noregs største nyheitskonto på Instagram, @nrknyheter, og leverer nyheiter for unge i NRK P3 med P3nyheter. Kvar veke når me ut til meir enn 200.000 med nyheiter på P3, og me har meir enn 250.000 følgjarar på Instagram. Redaksjonen har utvikla nyheitsoppdateringar på P3 i mange år og har dei siste åra også utvikla nyheitsformidlinga på sosiale medium.
Me arbeider i det største nyheitsmiljøet til NRK utanfor Oslo og vil utvikla journalistikken, kontakten med publikum og den digitale kompetansen vidare. Me har også oppdrag på sosiale medium knytt til riksproduksjon og andre innhaldsmiljø i NRK.
Me ønskjer deg som ...
likar å fortelje om det som angår unges liv, kvardag og framtid
har teft for nyheiter og god formidlingsevne – til radio og/eller sosiale medium
veit kva som rører seg og har interesse for sosiale medium
har god visuell forståing og kan redigering
har noko erfaring frå nettjournalistikk
Alle kan ikkje vera best i alt, så du er velkommen til å søkje sjølv om du ikkje kan kryssa av på heile lista.
Me ønskjer også at du ...
er ein kreativ og nysgjerrig medarbeidar
bidrar til eit godt arbeidsmiljø med raus deling av kunnskap og godt humør
taklar høgt arbeidstempo og jobbing i turnus
har eit godt og enkelt språk
likar å samarbeide om saker og oppgåver med andre
Me tilbyr
Jobb i eit kreativt miljø med journalistar som formidlar viktige nyheiter som treff unge i heile landet Grei kaffe
Vikariatet varer fra; 14.03.2022 til sluttdato: 31.12.2022
Kontaktinformasjon
Oliver Rønning, redaksjonsleiar DM, tlf: 916 07 908
Kristian Hovstad, faggruppeleiar nyheiter, tlf: 480 75 243