STILLING LEDIG:
NRK Nyheiter søkjer journalist i fast stilling
Har du konkurranseinstinkt og lyst til å jakte nyheiter frå hjartet av landets største nyheitsredaksjon? NRK Nyheiter har ledig fast stillingar som NÅ-reporter.
Denne artikkelen er over to år gammel.
Arbeidsoppgåver
På NRK Nyheiter sin desk for digital publisering vil du jobbe med å dekkje løpande nyheiter for NRK.no, men du vil også få moglegheit til å jobbe med eigne saker og idear.
Som journalist hos oss får du jobbe med dei største sakene frå inn- og utland. Den eine dagen kan du bli sett til å jobbe med utnemninga av ny sentralbanksjef, den neste arbeidsdagen kan handle om Ukraina-/Russland-konflikten.
Kvalifikasjonar
Vi søkjer ein journalist som ønskjer å vinne nyheitskampen og som har lyst til at NRK er først og best.
Vi stiller følgjande krav
- Du må beherske høgt tempo og du må vere sjølvgåande
- Du må ha god digital kompetanse og kunne presentere journalistikken din på ein god og kreativ måte
- Du må ha evne til å utvikle eigne idear
- Du må ha god etisk vurderingsevne
Det er ein fordel om du også har disse kvalifikasjonane
- Foto- og/eller videokompetanse
- Språkkunnskap
- Erfaring med offentleg innsyn og bruk av sosiale medium for å skaffe informasjon
- Kan lage innhald som kan publiserast på fleire av NRKs flater, som radio, tv og/eller Snapchat
Personlege eigenskaper
- Du må vere ein lagspelar, og vi legg stor vekt på samarbeidsevne
- Du må vere presis, ryddig og nøyaktig
- Ha eit godt og lettfatteleg språk
- Vi legg òg vekt på gjennomføringsevne og handlekraft
Vi tilbyr
Arbeidskvardagen hos oss er spennande og utfordrande. Vi har i denne omgang ledig ei fast stilling, men det kan bli aktuelt å tilsetje fleire. Du vil gå inn i vår NÅ-turnus med kvelds-, helg- og morgonvakter. Oppstart etter avtale.
Søknad og prosess
Vi ber deg om å legge ved relevante arbeidsprøver i søknaden. Du må rekne med at det kan bli aktuelt med testing av fagkunnskap og personlege eigenskapar.
Kontaktinformasjon
- Kari Stokke Nilsen, redaksjonssjef for desk for digital publisering i NRK Direkte, e-post: kari.stokke.nilsen@nrk.no
- Simon Solheim, redaksjonsleiar for desk for digital publisering i NRK Direkte, e-post: simon.solheim@nrk.no