STILLING LEDIG:

ME SØKJER DEG: Her er nokre av dei hyggjelege folka som jobbar i Hordaland. Redaksjonen tel 14 tilsette.

Hordaland søkjer sommarvikarar

Er du nysgjerrig, positiv og likar å snakka med folk? Ver med på laget!

Denne artikkelen er over to år gammel.

Informasjon om stillinga:

Stillingstype: Sommervikar

Arbeidsstad: Voss

Søknadsfrist: 27. februar

Om arbeidsgivar

Hordaland er lokalavis for Voss, Granvin, Ulvik, Vaksdal, Modalen, Eidfjord og Ullensvang. Lokalavisa har lokale eigarar og samarbeider med Amedia om alt av tenester og system. Hordaland er opplagsvinnar blant lokalavisene i Vestland med eit opplag på 8334. Me veks kraftig digitalt, samstundes som at papiravisa står sterkt. Avisa kjem ut tre gonger i veka.

Avisa Hordaland på Voss søkjer sommarvikarar til å jobba som journalistar i redaksjonen frå midten av juni til midten av august.

Her får du sjansen til ein spennande og lærerik sommarjobb med mange kjekke utfordringar og kollegaer, i ein redaksjon som leverer journalistikk til dedikerte lesarar og lokalsamfunn. Voss er også eit eldorado for turglade menneske med unik tilgang til kortreiste opplevingar.

Hordaland er viktig for mange og har teke store steg på kort tid. Me set lesarane fyrst og har investert tungt i journalistikken. Me har modernisert drifta og innført nye robuste system frå Amedia. Hordaland er no eit moderne mediehus med solid vekst.

Om deg:

  • Du bryr deg om kva som rører seg i samfunnet rundt deg, og trivst i høgt tempo

  • Du brenn for å skriva gode saker, og å fanga gode motiv på både foto og video

  • Du skriv godt, på god nynorsk

  • Du kan godt studera journalistikk, men det er ikkje eit krav for å få jobb

  • Du meistrar digitale reiskapar

  • Du har godt humør og likar ei utfordring

  • Redaksjonell erfaring er ein fordel, men ikkje eit krav

  • Du er over 18 år, og har førarkort klasse B

Som sommarvikar vil du gå inn i den i den ordinære vaktplanen, som også inkluderer morgon-, kvelds- og helgevakter. Løn etter avtale.

Kontaktinformasjon:

Søknad, CV og evt. arbeidsprøvar frå tidlegare journalistisk arbeid sendast til thj@avisa-hordaland.no

Powered by Labrador CMS