STILLING LEDIG:

Hallingdølen søker sommarvikarar

Er du utdanna journalist, eller i ferd med å bli det? Eller er du berre glad i å skrive og vil prøve deg på journalistyrket? Då kan eit sommarvikariat i Hallingdølen – kåra til årets lokalavis i Europa i 2021 - vere noko for deg!

Denne artikkelen er over to år gammel.

Informasjon om stillinga:

Stillingstype: Sommervikar

Arbeidssted: Ål, Hallingdal

Søknadsfrist: 2. april

Om arbeidsgivar

Hallingdølen er ei lokalavis for Hallingdal og Nore Uvdal, med eit opplag på over 10.000. Papiravisa kjem ut tre gonger i veka. Me har eit høgt digitalt fokus, som gjer oss til ei sterk 24/7-avis. Hallingdølen er ei ambisiøs avis som har markert seg sterkt i bransjen og blitt kåra til Årets lokalavis fleire år. Hovudkontoret ligg i Ål. Det er 34 tilsette i heile mediebedrifta, av desse er 14 i redaksjonen.

Me er på jakt etter fleire vikarar til sommaren 2022.

Me søker deg som er:

  • Nysgjerrig og engasjert
  • Har eigne idear
  • Stor arbeidskapasitet
  • Kan jobbe raskt og sjølstendig
  • Har godt humør og pågangsmot

Det vil vere eit pluss å ha erfaring frå mediebransjen, men ikkje eit krav.

Eit sommarvikariat i Hallingdølen er ein glimrande moglegheit til å skaffe seg mykje erfaring og lærdom på kort tid. Gjennom sommarvekene vil du få prøve deg på alt mogleg, nyheiter, sport, kultur og reportasjar, med god hjelp frå flinke folk i redaksjonen. Tempoet vil vere ganske høgt, men me lovar mykje moro!

Kontoret vårt ligg i Ål i Hallingdal, omtrent tre timars køyretur frå Oslo. Me dekker heile regionen, og jaktar heile tida dei gode historiene og dei beste nyheitene. Du må vere glad i å prate med folk og ikkje vere redd for å stille spørsmål.

Sommarvikarane vil i hovudsak jobbe på dagtid, men det vil også vere helgevakter og kveldsvakter i turnus. I tillegg til å skrive, tek du eigne bilete.

Me treng vikarar frå veke 25 til og med veke 32. Det er ein føresetnad at du har førarkort for bil.

Høyrest det spennande ut? Send ein søknad!

Kontaktinformasjon:

Søknad sendast på epost til lh@hallingdolen.no

Powered by Labrador CMS