STILLING LEDIG:

NRK søker nynorskpraktikant

Du kan få seks månader løna opplæring og praksis i journalistikk og nynorsk som mediespråk for nett, radio, fjernsyn og sosiale medium.

Denne artikkelen er over to år gammel.

Informasjon om stillinga:

Stillingstype: Praktikant

Arbeidsstad: Førde

Søknadsfrist: 17. oktober

Om arbeidsgiver

NRK skal styrke demokratiet og samle og engasjere alle som bur i Noreg. Dei grunnleggande verdiane våre er å vere opne, modige og truverdige. For at vi skal lykkast med det omfattande oppdraget vi har fått som allmennkringkastar, treng vi medarbeidarar med forskjellig erfaring og bakgrunn.


Vil du jobbe saman med oss for å skape godt og viktig innhald som treffer alle som bur i landet vårt?

NRK er omfatta av Offentleglova sine paragrafar om rett til innsyn i søkjarlister. Søkjar må grunngje eventuelt ønske om unntak. Dersom unntak ikkje blir akseptert, vil søkjar bli varsla og kan eventuelt trekkje søknaden.

NRK Nynorsk mediesenter i Førde søkjer etter engasjerte ungdommar som brukar nynorsk og vil bli journalistar. Vi gjev opplæring og praksis i journalistikk og nynorsk som mediespråk for nett, radio, fjernsyn og sosiale medium. Det 36. praktikantkurset byrjar 4. januar og er ferdig 30. juni 2022. Det er fem plassar på kullet.

Til denne tid har vi lært opp 170 nynorskpraktikantar. 56 prosent av dei arbeider i media, om lag 40 prosent er i NRK.

Arbeidsoppgåver

Det er ei svært praktisk opplæring etter lære-med-å-gjere-det-metoden. Praktikantane lagar saker for nett, radio, fjernsyn og sosiale medium i den daglege produksjonen i redaksjonen. Praktikantane lærer kva som er ei sak, å ta sjølvstendige val og arbeide under tidspress, med rettleiing frå faglærarar og kollegaer i NRK Vestland i Førde og andre NRK-redaksjonar. Praktikantane må lære dei arbeidsverktøya NRK brukar.

Kvalifikasjonar

For å bli nynorskpraktikant må du vere nynorskbrukar og ha lyst til å bli journalist. Vi tek inn folk med ulike bakgrunnar og utdanningar, men det er eit minstekrav at du har fullført vidaregåande skule. Vi leitar fyrst og fremst etter talenta.

Vi ønskjer søknader som fortel noko om deg og kvifor du søkjer. Det er viktig å legge attestar og vitnemål ved søknaden. Det er på grunnlag av dei vi kallar inn til intervju, språk- og studiotest. Det er ønskjeleg at praktikantane har førarkort.

Personlege eigenskapar

Vi leitar etter engasjerte og godt orienterte folk, også med fleirkulturell bakgrunn. Du må ha stå-på-vilje, like utfordringar og høgt tempo, og ha evne til å samarbeide og dele kunnskap med andre. Eit levande og godt språk, og evne til å fortelje, er viktig for å bli ein god journalist.

Vi tilbyr

Seks månader løna opplæring og praksis i journalistikk og nynorsk som mediespråk for nett, radio, fjernsyn og sosiale medium.

Aktive NRK-journalistar som lærarar og spennande gjesteførelesarar.

Det er ingen garanti om arbeid etterpå. Men etter avslutta opplæring skal nynorskpraktikantane bli rekna som interne søkjarar i NRK i tre år. Ved tilsettingar skal dei ha prioritet til stillingar dei er fullt ut kvalifiserte for.

Les meir om stillingane her.

Vi samarbeider med Nynorsk avissenter i Mediehuset Firda. Dei driv ei tilsvarande opplæring for avis og nett, og lyser ut nytt kull med søknadsfrist to dagar før oss.

Kontaktinformasjon:

SØK HER

Powered by Labrador CMS