Er du ein kreativ og samfunnsengasjert kommunikasjonsrådgjevar?
PublisertSist oppdatert
Denne artikkelen er over to år gammel.
Informasjon om stillingen:
Stillingstype: Fast
Arbeidssted: Bergen
Søknadsfrist: 8. januar
Om arbeidsgiver
Vårt samfunnsoppdrag er å bidra til effektiv ressursbruk ved å fremje konkurranse, til fordel for forbrukarane og næringslivet i ulike marknader i Noreg. Hovudmålet er at aktørar som opererer i norske marknader, etterlever konkurransereglane fordi konkurranse er eit virkemiddel for å oppnå vel fungerande marknader.Vår jobb er å handheve konkurranselova. Gjennom lova er det tre hovudområde som Konkurransetilsynet jobbar med;ulovleg samarbeid (§10), misbruk av dominerande stilling (§11) og fusjonskontroll (§16). Manglande handheving av dei tre hovudområda kan føre til svekka konkurranse til ulempe for forbrukaren og samfunnet i form av høgare prisar, dårlegare tilbod, dårlegare kvalitet og lågare innovasjonstakt.
Konkurransetilsynet søkjer ein kreativ kommunikasjonsrådgjevar som er ein dyktig formidlar gjennom tekst, foto og video. Vi ønsker at du skal bidra til å synleggjere og betre tilsynet sin kommunikasjon på digitale flater, og spesielt i sosiale medium.
Dette vil inkludere framtidsretta bruk av digitale verktøy i intern og ekstern kommunikasjon, og å profesjonalisere tilsynet sin bruk av sosiale medium for å nå målgruppene våre.
Du vil få ansvar for å drive og vidareutvikle våre kontoar i sosiale medium, både når det gjeld innhald, strategi og analyse. Målet er auka kjennskap og kunnskap om konkurranselova og Konkurransetilsynet sitt arbeid. For å lukkast i stillinga er det avgjerande at du kan formidle godt innhald både visuelt og gjennom tekst. Du har inngåande kjennskap til sosiale medium (Facebook, LinkedIn og Twitter og andre), og beherskar ulike flater og format. Du må òg forstå målgrupper og ha kjennskap til Facebook og LinkedIn-annonser, plattformspesifikke algoritmar, med meir.
Du vil få jobbe med engasjerte kollegaer i vår kommunikasjonsavdeling, og ikkje minst få jobbe med spanande og samfunnsaktuelle saker. Dette er ei stilling med svært varierte arbeidsoppgåver, der du òg vil få arbeide med andre oppgåver knytt til kommunikasjonsavdelinga.
Vi er opptatt av mangfald
Vi i Konkurransetilsynet legg vekt på inkludering og mangfald på arbeidsplassen. Vi ynskjer medarbeidarar med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra til ei betre oppgåveløysing. Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje – uavhengig av alder, kjønn, nedsett funksjonsevne, hol i CV-en, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Vi ynskjer å strekkje oss langt for å leggje til rette for medarbeidarar som har behov for det.
Arbeidsoppgåver
Fagansvar for sosiale medium
Dagleg drift og overvaking av tilsynet sine sosiale medium
Vidareutvikle strategi for sosiale medium saman med teamet i kommunikasjonsavdelinga
Halde deg oppdatert på tekniske utviklingar og brukartrendar i digitale landskap
Tileigne deg god kjennskap til målgruppene si bruk av digitale plattformar
Lage kampanjar retta mot målgrupper, i samarbeid med teamet i kommunikasjonsavdelinga
Ansvarleg for innhaldsarkiv for visuell kommunikasjon
Sørge for god kvalitet både språkleg og visuelt
Produksjon av rapportar og andre trykksaker
Andre løpande kommunikasjonsoppgåver som til dømes planlegging og gjennomføring av arrangement, arbeidsgjevarprofilering og gje støtte i rekrutteringsarbeid.
Kvalifikasjonar
Du har relevant utdanning på universitets- eller høgskulenivå, minimum bachelor eller tilsvarande innan journalistikk, kommunikasjon eller digitale medium og brukarforståing. Omfattande og relevant erfaring innanfor dei aktuelle fagområda kan kompensere for manglande formell utdanning.
Minimum 3 års yrkeserfaring med erfaring frå journalistikk, kommunikasjonsarbeid eller byråarbeid.
God formidlingsevne - kan forklare kompliserte problemstillingar på ein forståeleg måte både gjennom tekst, bilete, infografikk og video. Erfaring som videojournalist, digital innhaldsprodusent eller liknande stillingar vil vere eit stort pluss.
Kompetanse og erfaring i strategisk bruk av sosiale medium som til dømes Facebook, LinkedIn, Twitter og YouTube.
God innsikt i sosiale medium som verktøy i kampanjar, kjennskapsbygging og bruk av annonser.
God fagleg forståing og interesse for digitale løysingar og kunnskap om digitale analyseverktøy.
Svært god norskkunnskap og må kunne beherske nynorsk.
Vi legg vekt på at du er:
Engasjert og samfunnsinteressert
Kreativ og kvalitetsbevisst
Serviceinnstilt, løysingsorientert, positiv og har gode samarbeidseigenskapar
Sjølvstendig, initiativrik og stor gjennomføringsevne
Du brenn for god historieforteljing
Endrings- og lærevillig og evner å halde deg oppdatert på dagens trendar innanfor det digitale landskapet
Vi kan tilby deg
Å bli del av vårt inspirerande, faglege og gode arbeidsmiljø!
Nye, moderne og universelt utformede lokale sentralt i Bergen med freistande kantine
Fleksibel arbeidstid med sommar- og vintertid
Gode løysningar for heimekontor
Treningsrom og trening i arbeidstida
Sykkelparkering og gode garderobefasilitetar
Gode velferdsordningar og eige bedriftsidrettslag
Gode utviklings- og karrieremoglegheiter
God pensjonsordning i Statens Pensjonskasse
Stillinga blir lønna ut frå kvalifikasjonar og i forhold til det statlege lønnsregulativ som rådgjevar/seniorrådgjevar (st. kode 1434/1364) i lønnsspennet kr. 550 000 – 700 000. For spesielt kvalifiserte søkarar kan høgare lønn vurderast.
Vi gjer oppmerksam på at opplysningar om søkaren kan gjerast offentleg sjølv om søkaren har bedt om ikkje å bli ført opp på søkarlista, jf. offentleglova §25. Dersom ein søkar ynskjer å reservere seg frå offentleg søkarliste, må dette grunngjevast i søknaden.