STILLING LEDIG:
Suldalsposten søkjer grafisk designar / marknadsmedarbeidar
Ønskjer du deg ein spennande arbeidsplass med givande og utfordrande arbeidsoppgåver i avisa vår, som blei heildigital 1. juli i år? Då er du hjarteleg velkommen til å søkja hjå oss.
Informasjon om stillinga:
Stillingstype: Fast
Arbeidsstad: Suldal, Rogaland
Søknadsfrist: 6. desember
Me treng deg som blir trigga av at ingen dagar er like og som er i stand til å hiva deg rundt, samtidig som du beheld oversikta i ein tidvis travel kvardag.
Me søkjer deg som har:
Bachelorgrad innan Grafisk design, Visuell kommunikasjon, eller liknande. Relevant erfaring kan kompensera for utdanning
Erfaring med digital design og produksjon, gjerne også bevegelege bilde, animasjonar og videoinnhald til digitale flater
Gode ferdigheiter i Adobe Creative Cloud program som Photoshop og InDesign
God forståing for optimalisering av design for ulike plattformar og format
Kreativ med god formsans og godt språk
Dine arbeidsoppgåver:
Dei vil vera varierte, alt frå sal til produksjon av grafisk innhald til nett og trykksaker, oppfølging av annonsørar og abonnentar, og marknadsføring på SoMe. Kort sagt, me ønskjer oss deg som har lyst på ein variert jobbkvardag.
Me tilbyr:
Konkurransedyktig lønn
God pensjons- og forsikringsordning
Godt miljø og trivelege arbeidskollegaer
Ein spennande og utviklande arbeidsplass
Utfordrande og varierte arbeidsdagar
Fleksibel arbeidstid og høve til å vera med på å forma din eigen arbeidsplass i inntil 100% stilling
Gir denne utlysinga godkjensla og lyst til å jobba hjå oss, håpar me du søkjer.
Kontaktinformasjon:
- Siri Førland, Konstituert dagleg leiar, tlf. 952 86 814