STILLING LEDIG:
Kultur - og likestillingsdepartementet søker rådgiver/seniorrådgiver - kommunikasjonsrådgjevar
Er du den nye taleskrivaren vår?
Denne artikkelen er over to år gammel.
Om stillinga og eininga
Kommunikasjonseininga søkjer ny kommunikasjonsrådgivar med eige ansvar som taleskrivar.
Kommunikasjonseininga har ansvar for at dei politiske sakene og vedtaka i departementet blir kjende for befolkninga. Eininga samarbeider med fagavdelingane og hjelper statsråden og den politiske leiinga. Dette inneber m.a. kontakt med media, pressemeldingar, pressekonferansar, innlegg, talar, regjeringa.no, sosiale medium m.m. Kommunikasjonssjefen leier arbeidet i eininga.
KUD er eit relativt lite departementet, med stor offentleg merksemd kring sakene våre. Ansvarsområda er viktige for samfunnet, og arbeidskvardagen kan vere hektisk. Du vil bli ein del av eit vitalt og tverrfagleg fagmiljø med engasjerte og kompetente medarbeidarar.
Arbeidsoppgåver
- Ansvar for å utarbeide talar, kronikkar og innlegg
- Handtering av medieførespurnader og kontakt med media, sektoren og publikum
- Samarbeid med og rådgiving til politisk leiing og fagavdelingane
- Medieovervaking og utarbeiding og gjennomføring av medieplanar
- Publisering av foto og video på regjeringa.no og i sosiale medium
- Utvikling av eigen kompetanse og av leveransane i eininga
- Planlegging og gjennomføring av pressekonferansar o.l.
- Anna løpande kommunikasjonsarbeid
Du vil inngå i kommunikasjonseiningas vaktordning, som sørgjer for at eininga kan løyse sine oppgåver også utanfor ordinær arbeidstid. Noko reiseverksemd må påreknast.
Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar
Du må ha
- relevant høgare utdanning, fortrinnsvis på masternivå. Lang relevant yrkeserfaring kan i nokre tilfelle vege opp for utdanningskravet
- relevant erfaring, fortrinnsvis frå arbeid som kommunikasjonsrådgivar, taleskrivar eller journalist
- god forståing av samspelet mellom media, politikk og forvaltning
- svært god munnleg og skriftleg formidlingsevne på bokmål, nynorsk og engelsk
Det er ein fordel om du har
- erfaring med taleskriving
- ein brei samansett kommunikasjonsfagleg kompetanse
- erfaring frå rådgiving av toppleiarar
Vi ser etter deg som
- trivst med å arbeide med ei rekkje ulike tekstsjangrar
- er oppteken av god kvalitet, og som er ambisiøs på vegner av deg sjølv og eininga
- evnar å setje deg inn i komplekse saker og raskt formidle dei på ein god måte
- har svært gode samarbeidsevner
- er energisk, sjølvstendig og har ei fleksibel innstilling
- trivst med høgt tempo og varierte arbeidsdagar
- har stor arbeidskapasitet
Vi legg vekt på at du personleg høver til stillinga.
Vi meiner at mangfald er ein styrke. Vi ønskjer medarbeidarar med ulik kompetanse, livserfaring og perspektiv for å bidra til at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre.
Vi tilbyr
Kultur - og likestillingsdepartementet har eit kunnskapsrikt og stimulerande arbeidsmiljø med engasjerte, kompetente og resultatorienterte medarbeidarar. Kvardagen er prega av varierte og utfordrande arbeidsoppgåver og eit hyggjeleg og uformelt arbeidsmiljø. Du vil få brukt kunnskapane dine i samarbeid med andre, og gjennom oppgåveløysing har du høve til å halde deg fagleg oppdatert.Vi held til i trivelege lokale midt i Oslo sentrum. Som tilsett hos oss har du fleksibel arbeidstid, høve til trening i arbeidstida, pensjonsordning og rett til å søkje bustadlån gjennom Statens pensjonskasse.
Løn frå kr 480 000 til kr 600 000 brutto per år som rådgjevar eller frå kr 550 000 til kr 710 000 brutto per år som seniorrådgjevar. For spesielt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vere aktuelt.
Inkluderende arbeidsliv og mangfald
Dersom det er kvalifiserte søkjarar med nedsett funksjonsevne, hol i cv-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi kalle inn minst éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli vurdert som søkjar i desse gruppene, det vil seie å bli positivt særbehandla, må søkjaren oppfylle nokre krav.
Les meir om krava på arbeidsgjevarportalen.
Vi oppmodar søkjarar til å krysse av i jobbportalen dersom dei har nedsett funksjonsevne, hol i cv-en eller innvandrarbakgrunn. Kryssa i jobbsøkjarportalen dannar grunnlaget for ein anonymisert statistikk som alle statlege verksemder skal ha med i årsrapportane sine.
Vi vil leggje til rette for medarbeidarar som har særskilde behov. Aktuelle tiltak kan til dømes vere å skaffe tekniske hjelpemiddel, tilpasse møblar eller endre rutinar, arbeidsoppgåver og arbeidstid.
Offentleg søkjarliste og kontakt
Dei som søkjer, må vere merksame på at opplysningar om dei kan bli offentleggjorde, sjølv om søkjarane ber om ikkje å bli oppførte på den offentlege søkjarlista. Departementet vil svare på krav om unntak frå den offentlege søkjarlista før ho blir offentleggjord.
Kontaktinformasjon:
- Marius Bakke, tlf: 402 35 097