STILLING LEDIG:

Sogn Avis søker journalist

Vil du lage journalistikk som betyr noko for folk?

Informasjon om stillinga:

Stillingstype: Fast

Arbeidsstad: Sogndal

Søknadsfrist: 1. august

Om arbeidsgiver:

sogn avis

Sogn Avis er ein del av Amedia-konsernet. Me har hovudredaksjon i Sogndal og avdelingskontor i Årdal. Me dekkjer kommunane Sogndal, Vik, Luster, Årdal, Lærdal og Aurland. Avisa er kåra til Årets mediehus i Amedia og Årets lokalavis i LLA.
 

Amedia er Noregs største utgivar av redaktørstyrte medium og eit leiande nordisk mediekonsern. Amedia eig Berlingske Media i Danmark og det redaksjonelle nettverket vårt omfattar meir enn 250 avistitlar i Noreg, Danmark og Sverige, gjennom heileigd og deleid verksemd og partnarskap. Konsernet har  2300 tilsette i Noreg og Danmark og omsette i 2025 for 5 milliardar kroner.


Dagleg når dei 108 norske avisene våre meir enn to millionar lesarar.

Sogn Avis skal vere først på det som skjer, tett på sogningane, og tydeleg på det som betyr noko for regionen.
 

No søkjer me ein uredd, idérik og allsidig journalist i fast stilling. Me ser etter deg som vil ut av kontoret, og inn i lokalsamfunnet for å fortelje historiene som rører, opplyser, avslører og engasjerer.

Som journalist i Sogn Avis får du fridom til å lage journalistikk som blir lest og lagd merke til. Me  gir deg stor tillit og mykje ansvar. Du får rykkje ut og kjenne på nyheitspulsen når noko skjer, men også tid til å jobba konsentrert med eigne saker over tid. Du blir del av ein redaksjon på 14 årsverk som kjenner dei ulike lokalsamfunna i Sogn godt, som utfyller kvarandre fagleg og som trivst i lag. 
 

Me har hovedkontor i Sogndal og lokalkontor i Årdal.

Me trur at journalistikken blir betre av at medarbeidarane våre har ulik bakgrunn, erfaring og perspektiv. Difor driv me ikkje med ultimative og ufråvikelege krav til kompetanse. 


Men me trur du kjenner deg att i mykje av dette:

  • Du har journalistisk arbeidserfaring eller utdanning.

  • Du er samfunnsengasjert og forstår oppdraget til ei sterk lokalavis.

  • Du har lyst til å forstå Sogn, sogningane, bygdene og sakene som formar denne delen av landet.

  • Du er opptatt av språk og skriv klart, presist og levande nynorsk.

  • Du er trygg på, eller ønskjer å bli tryggare på, foto og video.

  • Du elskar moglegheitene den digitale og teknologiske utviklinga gjev journalistikken.

  • Du har arbeidsmoral og stoltheit, og tar ting frå ide og heilt i mål.

  • Du er ikkje redd for å snakka med folk – også når saka er vanskeleg.

  • Du har førarkort klasse B.


Løn etter tariff/avtale. Du må rekne med turnus, kveld og helgevakt.

Send oss ein søknad der du fortel kven du er, kvifor du vil jobba i Sogn Avis – og kva slags journalistikk du har lyst til å laga hjå oss.


Legg gjerne ved CV og lenker til saker eller innhald du har laga før.


Kontaktinformasjon

  • Eli Grotle, nyheitsredaktør og konst. ansvarleg redaktør,

    e-post: eli@sognavis.no / tlf: 91336692

  • Cato Husabø Fossen, påtroppande sjefredaktør og dagleg leiar,

    e-post: catohf@gmail.com / tlf: 94373293

  • Wenche Schanke Eikum, klubbleiar, 

    e-post: wenche@sognavis.no / tlf: 97164907


SØK HER

Powered by Labrador CMS