NRK Vestland skal tilsetje i ei fast stilling i Bergen.
PublisertSist oppdatert
Denne artikkelen er over to år gammel.
Informasjon om stillinga:
Stillingstype: Fast
Arbeidsstad: Bergen
Søknadsfrist: 22. januar
Om arbeidsgjevar:
NRK skal styrke demokratiet og samle og engasjere alle som bur i Noreg. Dei grunnleggande verdiane våre er å vere opne, modige og truverdige. For at vi skal lykkast med det omfattande oppdraget vi har fått som allmennkringkastar, treng vi medarbeidarar med forskjellig erfaring og bakgrunn.
Vil du jobbe saman med oss for å skape godt og viktig innhald som treffer alle som bur i landet vårt?
NRK er omfatta av Offentleglova sine paragrafar om rett til innsyn i søkjarlister. Søkjar må grunngje eventuelt ønske om unntak. Dersom unntak ikkje blir akseptert, vil søkjar bli varsla og kan eventuelt trekkje søknaden.
Vi søker ein uredd og dyktig journalist som brenn for å fortelje historier frå Vestlandet til eit nasjonalt publikum, og som kan jobbe med innhald til sendingane våre. Du må vere oppteken av å lage saker som engasjerer og som blir vald av flest mogleg, særleg unge.
Vi i NRK Vestland ønsker å komma tett på folk der dei bur, og skape journalistikk som bidreg til endring og løfter fram løysingar i samfunnet.
Arbeidsoppgåver
Kunne løfte saker frå Vestlandet til eit nasjonalt publikum.
Jobbe sjølvstendig og drive fram saker frå idé til ferdig sak.
Lage journalistikk til nett, radio, TV og sosiale medium.
Du må rekna med turnusarbeid med kvelds-, morgon- og helgevakter. Reising og overtid kan bli aktuelt.
Å vera førebudd på å rykke raskt og å rapportere direkte frå felt er ein del av jobben.
Kvalifikasjonar
God journalistisk teft.
Formidlingsevne.
Erfaring frå journalistisk arbeid i ein nyheitsredaksjon.
Dokumentert evne til å jobbe fram viktige eigensaker.
Godt og trygt språk både munnleg og skriftleg.
Har god teknisk og digital forståing.
Personar med fleirkulturell kompetanse blir oppfordra til å søke.
Personlege eigenskapar
Nysgjerrig, ambisiøs og idérik.
Gode samarbeidsevner.
Hardtarbeidande og trivst med høgt tempo.
Brenn for å lage godt innhald og fortelje viktige historier til publikum.
Ha vilje til å dele kunnskap med kollegaer, og vere med på å løfte heile laget.
Vi tilbyr
Fast jobb i moderne og trivelege lokale i mediebyen i Bergen
Ein arbeidskvardag med ambisiøse, dedikerte og hyggelege kollegaer
I NRK Vestland vil det vera gode vilkår for utvikling og kompetanseheving.
Privat AFP-ordning. Konkurransedyktige pensjons- og forsikringsordningar.