Vil du løfte fram nyheiter frå Nordfjord til heile landet?
PublisertSist oppdatert
Informasjon om stillingen:
Stillingstype: Fast
Arbeidssted: Nordfjordeid
Søknadsfrist: 08. oktober
Om arbeidsgiver:
NRK skal styrke demokratiet, samle og engasjere alle som bor i Norge. Våre grunnleggende verdier er åpen, modig og troverdig. For å lykkes med det omfattende allmennkringkasteroppdraget vi har fått, trenger vi medarbeidere med forskjellig erfaring og bakgrunn.
Vil du jobbe sammen med oss for å skape godt og viktig innhold som treffer hele Norges befolkning?
NRK er omfattet av Offentlighetslovens bestemmelser om rett til innsyn i søkerlister. Søker må begrunne eventuelt ønske om unntak. Dersom unntak ikke blir akseptert, vil søker varsles og eventuelt ha mulighet til å trekke sin søknad
NRK Vestland har ledig ein fast jobb som journalist på Nordfjordeid. Du vil jobbe i ein variert region som strekk seg frå hav til bre med eit breitt næringsliv, eit sterkt kulturliv og eit reiseliv i vekst.
Vi ser etter ein journalist som kan løfte saker frå Nordfjord til eit regionalt og nasjonalt publikum.
NRK Vestland har kontor i Førde og Bergen, og lokalkontor i Odda, på Stord, på Nordfjordeid og i Sogndal. Du vil samarbeide med kollegaer i heile redaksjonen, og du får tett og god oppfølging og rom til å utvikle deg som journalist.
Arbeidsoppgåver
Du må vere oppteken av å lage saker som engasjerer og som blir valde av flest mogleg, spesielt eit ungt publikum.
Du vil ha stor fridom til å finne eigne nyheitssaker. Arbeidsdagen i NRK Vestland er variert, med jobbing både til nett, radio og TV.
Når det skjer store hendingar på Nordfjord, som ulukker og ras, vil du vere den som rykkjer ut og leverer bilete og gjer intervju.
Kvalifikasjonar
Vi ser etter ein journalist som har erfaring frå nyheitsarbeid og som følgjer med på nyheiter.
Vi er spesielt opptekne av at sakene våre skal nå ut til dei som brukar oss minst, blant anna eit ungt publikum.
Dersom du skriv godt og engasjerande, vil fleire lese det du skriv. Det er ein fordel om du kan skrive nynorsk, eller er innstilt på å lære det.
Gode bilete og video er eit anna viktig verkemiddel for å nå breitt ut med sakene. Vi ynskjer deg som kan fortelje visuelle historier eller som er interessert i å lære det.
Du må ha førarkort i jobben.
Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som har energi og humør, som kan arbeide sjølvstendig og har eigne idéar.
Du må ha gode samarbeidsevner og vere med på å løfte heile laget.
Vi tilbyr
I NRK Vestland blir du ein del av eit inkluderande og godt arbeidsmiljø. Vi leverer godt til alle riksflater, nrk.no, dagsnytt og dagsrevyen.
NRK i vest har ein undersøkande redaksjon, og i Førde og Bergen er det riksredaksjonar som blant anna lagar dokumentarar til NRK TV.
NRK er ikkje lønsleiande, men som journalist i NRK vil du få sjanse til å jobbe saman med og lære av nokon av dei beste i mediebransjen.
NRK har privat AFP-ordning og konkurransedyktige pensjons- og forsikringsordningar.