STILLING LEDIG:
NRK Møre og Romsdal søker nyheitsjournalist i fast stilling i Ålesund
Denne artikkelen er over to år gammel.
NRK Møre og Romsdal søkjer fleirmediell nyheitsjournalist i fast stilling.
Arbeidsoppgåver
I NRK Møre og Romsdal får du jobbe i eit fagleg sterkt nyheitsmiljø, du får høve til å utvikle deg og du får jobbe med trivelege kollegaer. Vi skal vere først ute med nyheitene frå vårt område og fortelje dei beste historiene frå Møre og Romsdal på alle plattformer. Å engasjere unge målgrupper er også viktig for oss. Som journalist i NRK Møre og Romsdal leverer du nyheiter til mobil/nett, sosiale medier, radio og tv. Arbeidet inneber turnus med kveld og helg.
Kvalifikasjonar
Du trenger ikkje å kunne alt, men her er noko av det vi ser etter:
- Nyheitsteft og erfaring med nyheitsjournalistikk til mobil/nett
- Kompetanse på stillbilete, bileteredigering og video
- Erfaring med tv og/eller radio
- Gode samfunnskunnskapar og interesse for nyheiter
- Erfaring med undersøkande journalistikk
- Godt språk munnleg og skriftleg. Det er ein fordel om du skriv nynorsk.
- Evne til å gjere gode etiske vurderingar
- Førarkort
Personlege eigenskapar
- Du er idérik, nysgjerrig og kreativ
- Du jobbar raskt og effektivt, også når det skjer mykje
- Du jobbar godt både aleine og i lag med andre
Vi tilbyr
Vi held til i nye lokale midt i Ålesund sentrum med særeigen arkitektur, rikt kulturliv og vakker natur tett på.
Hos oss får du:
- Ein variert jobb i eit spennande dekningsområde
- Bli del av ein engasjert og dyktig gjeng i eit utviklande arbeidsmiljø
- Grundig opplæring i NRK sine system og arbeidsflyt
- Fagleg påfyll så du kan utvikle deg som nyheitsjournalist
- Høve til å utforske ulike nyheitsformat
- Mobiltelefon og abonnement med gunstig datapakke
Kontaktinformasjon
Har du noen spørsmål? Ta kontakt med:
- Charlotte Ervik, distriktsredaktør, tlf. 996 42 363
- Kjell Myklebust, redaksjonssjef, tlf. 970 90 780