STILLING LEDIG:

Kvinnheringen jaktar journalist

Informasjon om stillinga:

Stillingstype: Fast

Arbeidsstad: Husnes

Søknadsfrist: 15. november

Om arbeidsgivar:

Kvinnheringen er den største lokalavisa i Kvinnherad, med eit opplag på rundt 3.786 (1. halvår 2026). Dei siste åra har vi hatt ein solid digital vekst, og no er nesten 67 prosent av abonnentane våre digitale. Kvinnheringen er eigd av Amedia-konsernet, som òg eig over 100 andre aviser.

No har du sjansen til å bli ein del av laget i den største lokalavisa i Kvinnherad! Kvinnheringen skal dagleg servera spennande innhald som engasjerer og gjer folk klokare. Vi har som mål å levera kritisk, uavhengig og god journalistikk –  derfor treng vi dei beste journalistane!

Vi ser etter ny journalist i 100 prosent stilling, som kan starta over nyttår.
 

Vi er på jakt etter deg som:

  • Likar folk, er nysgjerrig, har teft for nyhende, og eit ønske om å engasjera og informera lesarane

  • Har digital kompetanse og kjennskap til fornuftig bruk av KI

  • Er komfortabel med å skriva, fotografera og laga video med mobilen

  • Er produktiv, idérik og trivst med stor variasjon i arbeidskvardagen og tidvis høgt tempo

  • Beherskar nynorsk

Dette kan vi tilby:

  • Eit godt arbeidsmiljø med kjekke kollegaer, i vakre Kvinnherad der du blant anna kan få sletta studielån og få billig barnehageplass

  • Mykje fridom under ansvar, og sjansen til å påverka eigen arbeidskvardag i stor grad

  • Mobiltelefon og høve til trening i arbeidstida

  • Tilgang på den beste teknologien og verktøya i bransjen gjennom eigaren vår Amedia, landets største utgivar av aviser

  • Gode sjansar for fagleg utvikling og kompetanseheving

Å jobba som journalist krev at du er allsidig, og vi treng journalistar med kompetanse og interesse for alt frå politikk og næringsliv til kultur og sport. Men vi vil gjerne vita meir om dei sterke sidene dine, så skriv gjerne kva du likar best å jobba med og om du har spesialkompetanse på nokre område. Vi legg vekt på digital kompetanse og relevant erfaring, og du må ha førarkort og disponera bil.
 

Synest du det verkar spennande å jobba med oss, send oss ein søknad med CV og referansar innan 15. november.

Kontaktinformasjon

SØK HER

Powered by Labrador CMS