STILLING LEDIG:
Jærbladet søkjer journalist med frontsjef-kompetanse
Denne artikkelen er over to år gammel.
Jærbladet søkjer etter journalist med frontsjef-kompetanse til ei fast stilling i redaksjonen vår på Bryne.
Me er ei tradisjonsrik avis med sterk digital vekst, og me ønskjer oss ein kollega som er god til å snappa opp nyheiter som det blir snakka om rundt middagsbordet. Den nye journalisten me skal tilsetja, vil også bli ein del av frontsjef-laget vårt.
Som frontsjef bidreg du til at Jærbladet har ei levande og innbydande forside, og held aktiviteten oppe i sosiale medium. Frontsjefane våre er også gode til å rykkja ut raskt når det skjer ting i lokalmiljøet.
Kjenner du deg igjen i dette, kan du vera den me er på jakt etter:
- Du likar å vera først ute med siste nytt.
- Du veit kva for titlar, bilde og andre grep som fangar interesse hos lesarane.
- Du kan bruka tal og analyse i arbeidet ditt.
- Du har solid presseetisk forståing.
I Jærbladet får du ein interessant og variert arbeidskvardag, og du får jobba med eit viktig samfunnsoppdrag. I tillegg til gode kollegaer og eit inkluderande arbeidsmiljø lokalt, vil du få glede av at heile Amedia-nettverket kontinuerleg deler kunnskap om innhaldsutvikling og god journalistikk. Det er ønskjeleg at du har jobba som journalist tidlegare, er journalistutdanna og har førarkort.
Søknadsfrist: 8. september
Kontaktinformasjon
Har du spørsmål om stillinga, kan du kontakta:
- Kent Roar Nybø, ansvarleg redaktør og dagleg leiar, tlf. 452 36 863 / e-post kent.nybo@jbl.no
- Snorre Standish Norheim, klubbleiar, tlf. 928 16 163, / e-post snorre.norheim@jbl.no