Bømlo-nytt søkjer to journalistar til faste stillingar
Bømlo-nytt er den leiande mediebedrifta i Bømlo kommune, og skal også vera den føretrekte informasjonskanalen inn i framtida. Bømlo-nytt har hatt ei særs positiv utvikling dei siste åra, med stor auke både av lesarar og annonsørar på våre plattformer. Me søkjer derfor etter nye journalistar som kan bidra til å løfte oss til eit nytt nivå.
PublisertSist oppdatert
Denne artikkelen er over to år gammel.
Informasjon om stillingen:
Stillingstype: Fast
Arbeidssted: Bømlo
Søknadsfrist: 01. juni
Om arbeidsgiver
Bømlo-nytt kom første gong ut den 30. august 1973, og kan altså feire 50 år om kort tid. Me kjem ut på papir onsdag og laurdag, men oppdaterer nettavisa vår, www.bomlo-nytt.no kontinuerleg. Godkjendt opplag 3555 (2020), og kring 7000 les oss dagleg på nett og papir. I Bømlo-nytt er det 7,8 årsverk og åtte tilsette. Fem i redaksjonen, to på marknad og ein på grafisk. Bømlo-nytt kjem ut på Bømlo, ein øykommune heilt sør-vest i Vestland, med 12.000 innbyggjarar. I kommunen er det eit rikt og variert næringsliv som byggjer på lange maritime tradisjonar. Her er eit innhaldsrikt og flott kulturliv, og kommunen har fasilitetar både for idrett og kultur.
Som journalist blir du avgjerande for at me vinn nyheitskampen kvar dag. Du vil produsera nyheiter og arbeida med både tekst, bilde, lyd og video. Stillingane inngår i turnus i redaksjonen. Stillingane rapporterer til ansvarleg redaktør i Bømlo-nytt.
ANSVAR OG OPPGÅVER
Bømlo-nytt har eit sterkt digitalt fokus, og vi ser etter deg som er nysgjerrig på digitale verktøy og ivrig i jakta etter gode historier og nyheiter.
Og du vil mellom anna kunna arbeida med å
produsera redaksjonelt innhald
jakta på dei store avsløringane, men også på dei små kjappe nyheitene
byggja og ta hand om kjeldenettverk og relasjonar
ØNSKA KVALIFIKASJONAR
journalistisk utdanning og/eller erfaring vert vektlagt
instinkt for gode nyheiter og evna til å sjå dei gode historiane rundt deg
klar forståing for medieutvikling og digitalisering
vere aktiv og tilgjengeleg i sosiale medium
god presseetisk vurderingsevne
førarkort for bil og ha eigen bil
gode språkferdigheiter i nynorsk, skriftleg og munnleg
PERSONLEGE EIGENSKAPAR:
Resultatorientert
Pågangsmot
God kommunikator
Lærevillig
Lagspelar
Om du har noko av det me er på jakt etter, og har ambisjonar og ønskje om å utvikla deg vidare, oppmodar vi deg til å vise interesse for stillinga.
VI KAN TILBY
interessante arbeidsoppgåver saman med dyktige folk
eit spennande fagleg miljø med sterk digital satsing
tilgang til digitale løysingar, analyseverktøy, kompetanse og ressursar som vil leggja til rette for vekst og utvikling
Bømlo-nytt har kontor i Svortland sentrum. Arbeidsdagen blir ein kombinasjon av kontortid på Svortland, heimekontor og oppdrag i feltet.
Kontaktinformasjon
For meir informasjon, ta kontakt med rekrutteringspartnaren vår HAMNØY AS ved:
Jan Tore Hamnøy, rådgjevar, tlf. 411 02 200
Anna Froestad, researcher, tlf. 984 38 273
Vis interessa di for stillinga ved å registrere CV-en din og søknad snarast. Attestar og vitnemål skal leggjast ved søknaden. Alle henvendingar blir behandla konfidensielt – også ovanfor oppdragsgivar i innleiande fase, dersom det er ønskeleg.