STILLING LEDIG:
Sunnhordland søkjer fast journalist
Har du lyst til å jobba i ei avis som verkeleg betyr noko for folk?
Sunnhordland er den leiande lokalavisa på Stord og Fitjar – me er nummer éin i regionen, og «alle» les oss.
Når det skjer noko, kjem folk til oss for å få vita kva som skjer.
Me har plass til ein ny journalist i redaksjonen vår i Leirvik sentrum. Du får jobba i eit ungt, fagleg sterkt og sosialt miljø der me heiar på kvarandre – og der det alltid er rom for å utvikla seg vidare. Hos oss er du med på å laga både raske nyheiter og grundig, undersøkande journalistikk. Her kan du setja dagsorden, og jobben du gjer betyr mykje for mange.
Me ser etter deg som:
har erfaring frå journalistisk arbeid
er nysgjerrig og sjølvstendig
jobbar raskt og presseetisk trygt
har førarkort klasse B
Stillinga går inn i turnus med kveld og helg.
Søknadsfrist: 10.04.2026
Kontaktinformasjon:
Vidar Hope, Ansvarlig redaktør, tlf. 982 42 030 / e-post: vidar@sunnhordland.no
Kjetil Østrem, Klubbleiar, tlf. 982 42 022 / e-post: kjetil@sunnhordland.no