STILLING LEDIG:

Sunnhordland søker journalist

Informasjon om stillingen:

Stillingstype: Fast

Arbeidssted: Stord

Søknadsfrist: 18.september

Har du lyst til å jobba i ei avis som verkeleg betyr noko for folk? Sunnhordland er den føretekte mediekanalen her, og «alle» les oss når noko skjer.

Om arbeidsgivar:

Sunnhordland har halde til i Leirvik på Stord sidan 1902. I 2021 tok medie­konsernet Polaris Media over aksje­majoriteten i medie­huset. Redaksjonen er lokalisert i nyoppussa lokale i Borggata, midt i sentrum. Redaksjonen består av ti årsverk.

I Sunnhordland blir du ein del av ein samansveisa, ambisiøs og digitalt skrudd gjeng. Jakta på nyhende er kontinuerleg, samstundes som ein har spelerom til å jobba med meir omfattande saker. Kontakt oss gjerne for å høyra meir om livet i redaksjonen.

No har me plass til ein ny journalist i redaksjonen vår på Sommarøya. Du får jobba i eit ungt, fagleg sterkt og sosialt miljø der me heiar på kvarandre – og der det alltid er rom for å utvikla seg vidare. Hos oss får du vera med og laga både raske nyheiter og grundig, undersøkande journalistikk. Hos oss kan du setja dagsorden, og jobben du gjer vil bety mykje for mange.

Me ser etter deg som:

  • Har erfaring frå journalistisk arbeid og er digitalt skrudd
  • Er nysgjerrig, sjølvstendig og meistrar nynorsk
  • Jobbar raskt og er trygg på presseetikken
  • Har førarkort klasse B

Stillinga går inn i turnus med kveld og helgar

Pssst! Sjekk kven andre som jobbar hos oss

på www.sunnhordland.no/jobbaher

Kontaktinformasjon

For spørsmål om stillinga, ta kontakt med:

Høyrest dette ut som noko for deg? Me vil gjerne høyra frå deg.

Send søknad og CV til:

vidar@sunnhordland.no

Powered by Labrador CMS