STILLING LEDIG:

Stord24 søkjer nyheitsjournalist

Informasjon om stillingen:

Stillingstype: Fast

Arbeidssted: Stord

Søknadsfrist: 4. juli

Om arbeidsgiver

Om arbeidsgiver

Stord24 er eit offensivt mediehus som er i stadig vekst. Me dekkjer aktuelle nyheitssaker på Stord og i Sunnhordland,med eit spesielt fokus på det rike næringslivet i regionen vår. Stord24 når ut til rundt 10.000 unike brukarar i veka.

Stord24 søkjer no ein nyheitsjournalist i full stilling, med oppstart frå 1. september.

Som nyheitsjournalist har du ansvaret for:

  • Å dekkja aktuelle nyheitssaker frå Stord og Sunnhordland
  • Leita fram eigne idear og byggja opp ditt eige kjeldenettverk
  • Delta aktivt på redaksjonsmøte og vera ein lagspelar i redaksjonen

Me ser etter deg som:

  • Er over gjennomsnittet interessert i kva som føregår i lokalsamfunnet
  • Evnar å skriva godt på nynorsk
  • Er omgjengeleg og høfleg i kontakt med kjelder, og som er til å stola på
  • Har erfaring frå journalistikk eller liknande skrivearbeid
  • Journlistikkutdanning er ein fordel, men ingen absolutt krav

Me kan tilby den rette kandidaten:

  • En spennande stilling i ein bedrift i utvikling
  • Ein fleksibel og variert arbeidskvardag
  • Godt arbeidsmiljø med stor takhøyde
  • Moderne kontorlokale som inneheld kantine med varmmat og treningsrom

Er du klar til å bli ein viktig kollega i Stord24? Søk då vel!

Send søknad til [email protected], eller ring tlf: 476 52 527

Powered by Labrador CMS