Vil du vere tett på nyheitene i Sogn? Porten ser etter ein nysgjerrig og skriveglad journalist som vil bli med i ein ung, heildigital lokalavis med høgt tempo og store ambisjonar.
PublisertSist oppdatert
Informasjon om stillingen:
Stillingstype: Fast
Arbeidssted: Årdal/Sogndal
Søknadsfrist: 30. juni
Om arbeidsgiver:
Mediehuset Porten.no er lokalavis for Indre Sogn. Porten.no har forankring og hovedkontor i Årdal og avdelingskontor i Sogndal, midt mellom Bergen og Oslo, med den fantastiske naturen i Sognefjorden og Jotunheimen som næraste nabo. Porten har ca. 30.000 unike brukarar kvar veke og ca. 7.000 unike brukarar kvar dag. Meir enn 1.300 har abonnement på Porten.
Vil du bli journalist i Porten?
Porten er ei heildigital lokalavis i Polaris Media Nordvestlandet, og no ser me etter ein ny journalist som vil vere med på laget vårt.
Kanskje har du allereie erfaring frå journalistikk. Kanskje har du berre ein sterk skrivespire i deg, er nysgjerrig på folk og samfunn, og har lyst til å lære korleis kvardagen i ei lokalavis eigentleg fungerer. Uansett bakgrunn kan du vere akkurat den me ser etter.
Hos oss får du grundig opplæring, tett oppfølging og ein redaksjonskvardag der ingen dagar er heilt like. Du får vere tett på lokalsamfunnet, jakte dei gode sakene, møte folk, stille spørsmål, ta bilete, skrive nyheiter og bidra til at Porten held fram med å vere ei viktig stemme i Sogn.
Om stillinga
Me lyser ut ei fulltidsstilling som journalist.
Hovudområdet vårt er Sogn, og Porten dekkjer i hovudsak Årdal, Lærdal, Aurland, Luster og Sogndal. Som journalist hos oss må du rekne med å vere til stades der det skjer — anten det er på kommunestyremøte, kulturarrangement, sportsarenaer, næringslivstreff eller ute blant folk.
Me er ein ung, hardtarbeidande og engasjert redaksjon som trivst med tempo, korte fristar og travle dagar. Du må rekne med noko turnus- og helgearbeid etter behov.
Hovudkontoret vårt ligg i Øvre Årdal, med Jotunheimen og Utladalen som næraste nabo. Her får du både sterke nyheitsmiljø og mektig natur tett på kvardagen. Sjekk gjerne ut Ditt Årdal og Visit Årdal for å bli betre kjend med området.
Det spelar likevel inga rolle kvar i Indre Sogn du bur. Me tilbyr gode moglegheiter for heimekontor og fleksible løysingar.
Det skadar ikkje om du:
likar å skrive og har interesse for foto
trivst med tempo, og jobbar effektivt og presist
er allsidig, nysgjerrig og glad i folk
følgjer med på nyheitsbiletet og kva som engasjerer lokalsamfunnet
er lærevillig og tilpassingsdyktig
skriv nynorsk
har førarkort
Det er også eit pluss om du har interesse for podkast, video eller sport.
Me kan tilby:
ein sjanse til å vere med og vidareutvikle ei heildigital lokalavis
tett opplæring og god oppfølging
varierte arbeidsdagar med høgt tempo
gode og fleksible arbeidstider
eit godt, ungt og engasjert arbeidsmiljø
ein jobb der du får vere tett på folk, saker og lokalsamfunn i Sogn
Har du ein ivrig skribent i deg, teft for gode historier og lyst på ein spennande jobb i lokalavisa?