STILLING LEDIG:
Marsteinen søkjer journalist i 100% fast stilling
Interessert i menneske, engasjert i samfunn og arbeidsliv? Me styrkjer redaksjonen, og søkjer etter deg som er klar for å bretta opp erma og bidra til den digitale pulsen i lokalsamfunnet.
Denne artikkelen er over to år gammel.
Ledig frå 1. januar 2023 eventuelt oppstart etter avtale.
Kvalifikasjonar:
Journalistikk-utdanning, bachelorgrad i samfunnsvitskap eller språk, lærarhøgskule e.l.
Søkjarar utan journalistikkutdanning eller røynsle vil verta tilbydd Start-kurs via Institutt for journalistikk, Oslo
Du vil få ei sjølvstendig rolle med stort rom for å ta initiativ og setja agenda i lokalmiljøet.
Me ser etter deg som har lyst til å få fram dei gode historiene om folk og næringsliv i øyriket vårt.
Marsteinen er i ferd med å innføra nye digitale verktøy som vil gjera det daglege arbeidet endå meir inspirerande. Sjølv om du vil jobba med allroundsaker, skal Marsteinen dyrka fiskeri, havbruk og anna nærings- og arbeidsliv sterkare på nett og i papiravisa.
Om Austevoll
Havet har forma austevollingen og næringsvegane våre. Ein prosent av verdas fiskefangstar vert halt inn av eit austevollsk fartøy, men næringslivet er dynamisk òg innanfor sektorar som shipping, havbruk og reiseliv. Med 667 øyar, holmar og skjer, haug og hammar som innbyr til friluftsliv, ein rekkje fotballbanar, to idrettshallar og eit oppegåande kulturliv utanom, er det eit samfunn å verta glad i. Og så har me ikkje byrja på austevollingen sjølv, og den blå klynga som bitt oss saman.
Kontaktinformasjon:
Spørsmål om stillinga kan stillast til:
- Trond Hagenes, redaktør, tlf: 988 74 253 / e-post: trond.hagenes@marsteinen.no
Søknad, CV med referansar og eventuelle arbeidsprøvar vert å senda til: trond.hagenes@marsteinen.no
Søknad sendast innan 20. november 2022.