STILLING LEDIG:
Haramsnytt søker journalist i fast stilling
Haramsnytt er i ei spennande utvikling. Vi treng fleire på laget og søker difor ein journalist i 100 prosent stilling.
Vi søker deg som har nokre års erfaring, jobbar sjølvstendig, liker å prate med folk og har høg arbeidskapasitet. Du leverer både grundige reportasjer og raske nyheitssaker, og forstår verdien av gode bilete og video. Har du i tillegg erfaring med sosiale medium og frontredigering, ser vi fram til å lese søknaden din.
Vi tilbyr:
- Ein spennande og variert arbeidskvardag
- Eit godt arbeidsmiljø, både fagleg og sosialt. Tett samarbeid med vår naboavis, Sulaposten, gir et større redaksjonelt miljø
- Konkurransedyktige betingelsar Førarkort er eit krav.
Haramsnytt er ei partipolitisk uavhengig avis. Redaksjonen har 2,5 årsverk, og administrasjon og sal har 1,5 årsverk. Vi held til i moderne lokale i kommunesenteret Brattvåg. Papirutgåva vår kjem ut kvar torsdag.
Kontaktinformasjon
Har du spørsmål om stillinga, kontakt:
- Åshild Fjørtoft, dagleg leiar/redaktør, e-post: aashild@haramsnytt.no /
tlf. 416 80 550
Søknadane vil bli vurderte fortløpande, endeleg søknadsfrist er 17. februar.