Har du lyst på ein av dei mest spennande, viktigaste og digitale jobbane i Etne og Vindafjord?
PublisertSist oppdatert
Denne artikkelen er over to år gammel.
Informasjon om stillingen:
Stillingstype: Fast
Arbeidssted: Etne
Søknadsfrist: 21. mai
Om arbeidsgiver:
Grannar er lokalavisa for kommunane Etne og Vindafjord. Avisa er konsernuavhengig med lokale eigarar. Avisa er redigert på nynorsk, ho har aktiv publisering digitalt og to utgåver i veka på papir. Kontoret er i Etne og opplagstalet er stabilt rundt 3500. Dekningsområdet er prega av eit aktivt landbruk, men også store og ekspansive industribedrifter med mykje lokalt eigarskap. Her er også stor aktivitet innan organisasjonsarbeid, idrett og kultur.
Grannar søker no etter ein journalist som vil vere med på å styrke avisa si rolle som lim og lupe i lokalsamfunna i kommunane Etne og Vindafjord. Me søker etter ein person, ung eller vaksen, som er samfunnsengasjert, og som trivs i eit arbeidsmiljø med høg puls.
Erfaring eller utdanning innan journalistikk/mediefag er ein fordel, men ikkje eit krav. Opplæring blir gitt. Viktigare for oss er at du har ei sikker språkføring på nynorsk, og at du har lett for å snakke med folk.
Me kan love deg ein jobb kor du raskt får eit stort nettverk i regionen. Du får høve til å setje dagsorden for nesten 13.000 innbyggarar i kommunane me dekker, du får god digital kompetanse på fleire felt.
Avisa har moderne lokale i Etne sentrum. I ei digital tid kan god lokaljournalistikk lagast frå kor som helst i verda, og me er open for å drøfte praktiske løysingar kring oppmøte-/kontorstad. Stillinga er 100 prosent og inngår i helgeturnus.